Ein heilt vanleg arbeidsdag i 2. klasse på Leveld skule. Frå venstre Guro Molde Lappegard, Eivind Oleivsgard, Thorbjørn Haug, Olav Gullhagen, Trine Lappegard, Tormod Brattegard, Kristin Nicholson Torsteinsrud, Jørgen Luksengard Hovelsås, Elin Thoen, Julia Honorata Kozakiewicz og Webjørn Olason Sundgot.

Turu, tvare eller tvørel!

Flittige hender spikkar turu av juletreet. Turu skal dei nytte til grauten, må vite.

Og om du lurer på kva ei turu er, er det berre å ta turen til Leveld skule i Ål. Her veit nemleg 2.-klassingane svært godt kva det er for noko. Og korleis dei skal lage ein.

– Det heiter også tvare, tvoru, toro, turu, tvårel, tvørel og tvåre. Men me seier turu, seier ei blid lita Elin Thon. Ho skrapar forsiktig av barken med den uskarpe sida på kniven.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det har goffa fortalt oss. At me ikkje må bruke den skarpe sida. Då kan me skjere for langt nedi, seier Tormod Brattegard fornuftig. Då er det også fort gjort å skade både turu og fingrar. Nokre småkutt har det vorte undervegs. Men alle fingrane er på plass.

Gammal reiskap

Ei turu er ein gammalt kjøkkenreiskap ein kan røre i gryter med. Ein kan dreie den hurtig mellom handflatene så den fungerer som ein visp. Ei turu vart gjerne laga av heil ved i gran eller furu. Den skal ha ein krans av kvist i enden, som blir til vispen. Lengda og storleiken vart tilpassa bruken. Små til å røre i grauten. Kanskje større til bruk under ysting. Dei store var også til å røre i primkjelen med. Ei turu skal visst vere god å nytte til kålrot- eller potetstappe også.

– I gamle dagar brukte ein turu til å røre i grisematen også, fortel Elin.

Goffaen til Tormod Brattegard har tipsa om at ein ikkje skal bruke den skarpe sida av knivbladet.
Goffaen til Tormod Brattegard har tipsa om at ein ikkje skal bruke den skarpe sida av knivbladet.
Ein time tysdagane skal ungane lære å lage turu. Her er Tormod Brattegard og Kristin Torsteinsrud i djup konsentrasjon.
Ein time tysdagane skal ungane lære å lage turu. Her er Tormod Brattegard og Kristin Torsteinsrud i djup konsentrasjon.
Olav Gullhagen hadde sett ei turu på hytta. Men no veit han kva dei skal brukast til.
Olav Gullhagen hadde sett ei turu på hytta. Men no veit han kva dei skal brukast til.

Dei fleste av oss har i alle fall sett ein slik. Men kanskje ikkje riktig tenkt over kva den vart brukt til.

– Eg har sett ein slik på hytta, men visste ikkje då kva den skulle brukast til, fortel Olav Gullhagen. No veit han. Olav demonstrerer med å snurre den snart ferdige turu mellom fingrane. Den kan ein nytte når ein kokar graut.

Gjenbruk

Leveld skule har gjenbruk av juletreet på timeplanen. Samstundes får dei gitt vidare tradisjonen med å nytte turu – og ta vare på gamle ord og uttrykk. Alle ungane har hatt med seg ein del av juletreet heime. Eller dei har fått låne ein bit andre stader.

– Nokre har jo plastjuletre i dag, smiler lærar Toril Gurigard.

– Goffa kan lage turu, fortel Kristin Torsteinsrud og stryk kniven langs grankvisten. Fyrst tek dei av barken, så skal den tørke litt før dei skal pusse med litt sandpapir så den blir fin og glatt før dei brukar den på grauten.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Min skal nok henge til pynt, trur Eivind Oleivsgard.