Nattarbeid vart personleg album
Birger Liahagen har nytta seine nattetimar til å bearbeide livets opp- og nedturar. Plata «Tankar i natta» blir sleppt på Fauskivalen 4. august.
Midt i bustadfeltet Vesterhuset på Gol strøymer det musikk ut frå ei open verandadør. Inne er Birger Liahagen og delar av bandet hans i gang med øving.
Repertoaret spenner frå hyllingslåtar til flotte kvinnfolk, via kommentarar til marknadsliberalisme og konkurranseutsetjing til «Salme for syndefulle spelemenn».
Artikkelen held fram under annonsen.
- Det er jo ei rar plate, vedgår låtskrivaren og legg til kort men kraftfull latter.
– På ein måte eit livsverk
«Tankar i natta» er ei personlag plate, som på mange måtar summerer opp eit langt liv i og med musikken. Ho er ein dokumentasjon av uhøgtidleg, kompromisslaus og jordnær skaparkraft. Sjangerbrota kjem som perler på ei 24 spor lang snor.
– Dette er vel den einaste plata eg kjem til å lage. Det er det beste eg har. Plata med stor P. Det er på ein måte eit livsverk, seier Liahagen, og feller ei tåre.
«Tankar i natta»
Det er mykje å vere rørt over. Han legg ikkje skjul på at det har kosta han å vere skapande. Også økonomisk, men først og fremst i blod, sveitte og tårer.
– Ho er veldig kjensleladd. Mykje er skrive til gode vener og flotte damer. Det har gått med ein del nattetimar. Difor namnet «Tankar i natta», seier han. Omslaget er måla av Bjørn Dommarsnes, etter ein lengre samtale, også det ut i dei små timar.
«Salme til syndefulle spelemenn» er meint å trøyste dei mange som opp gjennom tidene har blitt støytt ut.
«Du vart elska og dyrka når dei trengde ditt spel. Du vart hundsa og dømd når dei fekk frykt for si sjel», innleier eit vers.
På plata er Liahagen likevel også både lystig, filosofisk og optimistisk, men i livet har det ikkje berre vore glede. Han veit kva det betyr å miste ektefellen, og sjølv har han att berre eitt auge, men musikken gjer at han likevel prøver å sjå lyst på livet.
Artikkelen held fram under annonsen.
Musikalsk familiealbum
Det er ikkje så vanskeleg akkurat no når han i desse dagar er plateaktuell med eit sterkt musikalsk lag i ryggen.
Musikken har vore levande i Liahagen-familien gjennom generasjonar. Faren Herman var spelemann, slik Birger og broren Per er det i dag. På plata er i tillegg stemma til Birger si dotter Vigdis med. Ektemannen hennar Ottar Kåsa er mest kjent for felespel, men her bidreg han på elgitar. Barnebarna Trygve og Herman er med og heidrar oldefaren Herman, med ein pols i hans namn.
Heilstøypt
«Tankar i natta» er likevel mykje meir enn berre ei familiesoge. Og det er ingen tradisjonell folkemusikkplate. Viseplate er meir dekkjande, der tekstane står i høgsetet. Men også musikalsk står produktet støtt, godt flankert av ei rekkje lokale folk. Utan å kunne nemne alle er både Arne Moslåtten, Knut Fausko, Audun Flaen og Ål kantori med.
I 2007 gjekk han «solo» med «Birgers Blanding 1», men etter nattleg skrivetrong, eit halvt år med førebuing og to helgar med innspeling hjå Tor Magne Hallibakken er oppfølgjaren eit meir heilstøypt produkt, trass i sine mange sjangerblandingar.
4. august er det plateslepp og konsert på Fauskivalen i Hemsedal for Birger og bandet. Då er Rebecca Lofft på fele, bratsj og hardingfele erstatta med Anders Hall.
– Det er utruleg å oppleve å ha fått det til. Det hadde eg ikkje våga å håpe på då eg begynte, seier Birger Liahagen.