Iskald danske
Kvar morgon gjennom heile jula har danske Morten Melgaard starta dagen med eit bad i Votna.
Den kvite snøen ligg som eit mjukt fløyelsteppe over kulturlandskapen i Leveld i Ål. Ein smal stig smyg seg mellom jorda, dei hardtrakka fotspora syner at den har vore velbrukt den siste tida. Nedover stigen spring to små gutar, rett bak kjem ein kar gåande. I armane har han eit handkle og eit fleeceteppe. Dei tre har kursen for elva Votna som framleis renn open nede i dalbotnen.
Meditasjon
Det brusar kraftig frå vatnet der det kjem fram frå isen og renn over i ei open råk. Danske Morten Melgaard gjer kort prosess. Raskt av med dei varme kleda, ei blå badebukse med gullfiskar på kjem til syne. Målretta set han føtene framfor seg i den kramme snøen. Forsiktig forserer han eit isflak før han med eitt står til knes i elvevatnet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Far! Du må heilt under då, ropar sonen Morgan frå elvebreidda.
Morten Melgaard stig heilt ned på kne før han dukkar hovudet under. Sønene Morgan og Elias jublar. Det kjem eit brøl gjennom frostrøyken i det faren stig opp att frå vatnet.
– I Danmark badar eg fordi det er ein veldig god måte å få retta opp i hovudet og kome inn i kroppen på, spesielt om ein har eit stressande arbeid slik som eg har, fortel Melgaard.
Til vanleg er han arkitekt og arbeider på Kunstakademiet i København og på den Danske Filmskolen. Denne jula har kona, biletkunstnar Veronica Hodges, opphald på Leveld Kunstnartun. Morten og dei tre borna deira er med. Til alt hell for Melgaard var det ope vatn å finne også i Leveld.
– Å smette ned under kaldt vatn gjer at du ikkje tenkjer på særleg mykje anna enn det som er nødvendig å tenke på der og då. Det er ein slags måte for meg å meditere på og kome i kontakt med naturen, smiler Melgaard.
Trenar Tai Chi
Kvar morgon trenar han ein halvtimes Tai Chi før han altså avsluttar det heile med eit kaldt bad.
– Tai Chi kan vel samanliknast med Kung-Fu i slow motion. Det er bra for organa, det gjer deg smidig og det er veldig bra for å samle energi. Ein slags meditasjon det også.
I Danmark og København er det ikkje så mykje anna natur å finne enn havet i Øresund, skal me tru arkitekten.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Der er det fem grader varmt no, og det er jo riktig så varmt i forhold til temperaturen her. Eg veit ikkje kva temperaturen er her i Votna, men det er iskaldt, ler Melgaard.