Promoteringsfilmen med stavbrekket til Ole Einar Bjørndalen og den vesle guten som stod med staven, hausta applaus under IBU-kongressen i Italia. Biletet er frå innspelinga på Liatoppen i mars. Produksjonsleiar John Storhaug i Filmprodusentane AS i bakgrunnen.
Promoteringsfilmen med stavbrekket til Ole Einar Bjørndalen og den vesle guten som stod med staven, hausta applaus under IBU-kongressen i Italia. Biletet er frå innspelinga på Liatoppen i mars. Produksjonsleiar John Storhaug i Filmprodusentane AS i bakgrunnen.

VM-suksess for hallingar

Promoteringsfilmen til Filmprodusentane AS var eit blinkskot som la grunnlaget for at Oslo fekk tildelt VM i skiskyting i 2016.

Under kongressen til det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) i Italia i helga vart det klart at Oslo skal arrangere VM i skiskyting i 2016. Mykje av æra for at Oslo og Holmenkollen kan gjera seg klar til ein ny VM-fest, har produksjonsselskapet Filmprodusentane AS.

– Stor applaus

Etter at Norge overraskande tapte kampen om å arrangere skiskyttar-VM under IBU-kongressen for to år sidan, var det ingen tvil denne gongen. Hardaste konkurrentane, Hochfilzen, Anterselva og Østersund, hadde trekt seg. Oslo og Holmenkollen var einaste søkjar som stod att.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Etter at me tapte i 2010, gjorde me om heile søknadsprosessen og fekk inn nye folk. Det vart ein suksess. Marknadsføringa og presentasjonen av søknadene er veldig viktig og blir lagt stor vekt på. Promoteringsfilmen til Filmprodusentane gjorde stor lykke og fekk stor applaus, seier skiskyttarpresident Tore Bøygard frå Ål.

Stavbrekk og Bjørndalen

Tildelinga av skiskyttar-VM til Oslo er også ei fjør i hatten til sambygdingane til skiskyttarpresidenten i produsentselskapet Filmprodusentane AS på Torpomoen. I konkurranse med fem andre filmselskap vart ideen til Filmprodusentane plukka ut som den beste.

Delar av filmen vart spelt inn på Liatoppen og på ein gard i Torpo i mars. Resten under World Cup i Holmenkollen.

Handlinga er ein liten gut som sit og ser på skiskyting saman med goffa og drøymer om å bli skiskyttar. Han får møte Ole Einar Bjørndalen og står med ein stav i løypa som han gir til Ole Einar under løpet. Dermed blir det legendariske stavbrekket til Brå i Holmenkollen også fletta inn.

– Me fekk mange gode og positive tilbakemeldingar frå Italia i helga om at filmen slo godt an. Det er veldig moro for eit lite produksjonsselskap i distriktet, seier prosjektleiar og produsent, John Storhaug.