Verdas beste skifilmar
Sudndølen Jon Håtveit (31) er verdas beste actionfotograf med følgjekamera på ski. Stjernestatusen vart ikkje mindre etter snøbrett-VM i Oslo der han køyrde ved sida av deltakarane og filma kvart einaste run.
VM i snøbrett vart avslutta med finalar i Oslo Vinterpark sist helg. Ei heil veke fekk me sjå verdas beste snøbrettkøyrarar gjera akrobatiske krumspring og fantastiske prestasjonar i halfpipen og slopestyleløypa.
– Vanskeleg på blankis
La du merke til mannen som køyrde på ski ved sida av snøbrettstjernene med filmkamera på magen og sendesekk og antenne på ryggen? Ingen som såg TV-sendingane kunne unngå å la seg imponere av skiferdigheitene og stødig kameraføring.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det var ingen fotograf i NRK-staben som var utrusta med twintipski og filmkamera og sendt utfor. Han kjem frå Sudndalen i Hallingdal og blir rekna som verdas beste skifilmar med følgjekamera på ski.
– Eg har 8–10 års erfaring med filming med slikt utstyr og har hatt større utfordringar før. På blankisen var det vanskeleg å halde rett avstand, ha løparane i fokus unngå risting i kamera. Eg føler at det gjekk greitt og har fått positive tilbakemeldingar, seier Jon Håtveit.
Gullruten i fjor
VM var tredje gongen Håtveit filma snøbrett i Oslo. Han hadde same jobben under prøve-VM i fjor og Arctic Challenge året før.
Det gjorde han så bra at han fekk Gullruten som Norges beste TV-fotograf i fjor. Jon Håtveit var sjølvskriven som filmfotograf med følgjekamera under VM og får skryt for den krevjande jobben.
– Jon Håtveit hadde ein uhyre vanskeleg og krevjande jobb som han utførte profesjonelt og svært bra. Det er ikkje nok med gode skiferdigheiter. Største utfordringa er å ha løparane i fokus og halde rett avstand heile tida. Det såg me når testfolka våre køyrde med følgjekamera før sjølve konkurransane. Under live-produksjonar er det ekstra krevjande, for då går bileta rett på lufta. Jon Håtveit viste at han er ein av verdas beste «follow-filmarar», seier Kay Sundberg, teknisk leiar for NRK under VM.
Beste «follower»
Jon Håtveit er storebror til Andreas, ein av verdas desidert beste fristilkøyrarar på twintip. Men fordi han opererer bak kamera og ikkje framfor er Jon på langt nær så kjent for folk flest som broren sjølv han er omtrent like god på ski. Men i fristilsmjøet har han ei høg stjerne og blir karakterisert som verdas beste ukjende skikøyrar, og den beste «followercam»-filmaren.
Jon Håtveit starta filmkarrieren med å reise rundt og filme Andreas. Gjennom selskapet Skifilm.no har Jon for lengst utvida aktiviteten og filma fristilsstjerner over heile verda og vunne fleire internasjonale prisar.
Jon køyrer same løypene og som dei han festar på filmbrikka. Han har køyrt Europas lengste rulletrapp på ski, hoppa over vegar med filmkamera i tillegg til å køyre same løypene og gjera same spektakulære triksa som dei han filmar.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg trivst best bak kamera og har ingen planar om å vera på andre sida av linsa, seier han.
På blankisen var det vanskeleg å halde rett avstand, ha løparane i fokus unngå risting i kamera.
Jon Håtveit