Vart vikenmeistrar
Hallingdal fekk tre meistertitlar på heimebane under landsdelskretsstemnet i feltskyting i helga.
Feltskyting: Viken 1-stemnet samla 109 skyttarar frå fem samlag til kamp om landsdelskretsmeistertitlar i feltskyting.
Knut Sigurd Totland (Bromma) og Paul Arne Overvoll (Hovet og Hol) var dei hallingane som låg best plassert før finalen i klasse 2–5. Begge stod med 25/7 etter den innleiande skytinga, og berre Ole Christian Gruer frå Røyken og Hurum var føre hallingane. Finalen var vanskeleg med mykje vind. Men tredjeklasseskyttaren Overvoll slo til med 11/1 og totalt 31/1 etter finaleomgangen. Det heldt til siger, eitt innertreff føre Gruer. Totland vart til slutt nummer tre med 30/0.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tok tittelen
I rekruttklassen var Toril Hefte frå Gol einaste lokale deltakar.
Rekruttskyttarane skyt med kaliber 22, og vindforholda i Opheim vart for mange ekstra utfordrande. Toril, som berre skaut 29 skot på den innleiande feltrunden, fekk 22/4, og låg på andreplass før finaleskytinga. Der skaut ho 9/2, og tok igjen leiaren, Even Grøterud frå Sigdal, som berre fekk 7/1 i finalen. Totalt vann Toril Hefte med 31/2, eitt innertreff føre Grøterud (31/1).
I dei andre ungdomsklassane vart Olav Undebakke Stave (Vats & Leveld) beste eldre rekrutt med ein sjuandeplass med totalt 40/4. Juniorane Sigve Støen Dramstad (Upheim), Ida Haugstad Stake (Gol) og Ambjørg Haugen (Upheim) var alle var i finale, og vart nummer seks, sju og åtte.
Veteranen vann
Arne Mørk frå Hovet og Hol har vorte meister i veteranklassane fem gonger dei siste sju åra, og var også i år favoritt. Med 30/23 var v73-skyttaren vanskeleg å slå også sundag. Nærast var Sverre Eriksen, Ådal, med 28/14. I finaleomgangen skaut Mørk 11 treff, og sikra vikentittelen også i år. I v65 var Torbjørn Bryøen (Hovet og Hol) beste halling før finalen. Med 30/18 på den innleiande runden hadde veteranen skive tre i finaleomgangen, og leverte ei god avslutning på stemnet. Han skaut seg opp til omskyting om tittelen med Per Terje Holm, men tapte kampen om tittelen. Likevel sikra Bryøen andreplassen.