Vann i Finland
Hallingane bidrog sterkt til at dei norske juniorane tok heim ein suveren siger i den nordiske juniorlandskampen i helga.
Kristian S. Reinton og Henrik Fagerli Rukke leverte nok ei helg med sterke tider på isen, då skøytejuniorane frå Norge møtte dei beste juniorløparane frå Sverige og Finland denne helga.
Størst fart
Det var likevel Reinton som hadde størst fart på den kortaste distansen. Holingen vann begge dei kortaste distansane og parkerte klubbkameraten på 500 meter, der han gjekk på 41,71 og Rukke på 41,97 laurdag.
Artikkelen held fram under annonsen.
Sundag vart det også dobbelt Hol på distansen, også då med Reinton føre Fagerli Rukke (41,54 og 41,71).
To i tet
På 1000 meter var Fagerli Rukke raskare enn Reinton laurdag, men vart likevel nummer to bak landsmann Per Ringnes, då vart Reinton nummer åtte. Dei same to var i tet også på 1500 meter sundag. 2.12.35 heldt til andreplass for Henrik Fagerli Rukke, bak same Ringnes som vann 1000 meter. Kristian Reinton vart nummer fire.
God på finsk is
I jenteklassen gjekk Hilde Brennhovd frå Gol fleire gode løp på den finske isen, og vart nummer to på både 500- og 1000m laurdag. Sundag heldt også tida til ein andreplass på 500m, medan ho vart nummer fire på 1500m.
Gjorde reint bord
Totalt vann dei norske juniorane samtlege distansar, og tok samanlagdsigeren suverent med 678 poeng, det var nesten dobbelt så mykje som Sverige, som tok andreplassen.