Utrent opp dei bratte bakkane
– Eg er usikker på om eg kjem opp. Eg er dårleg budd, innrømmer Nes-ordførar Tore Haraldset på startstreken i Bringenatten opp.
Ordføraren var ikkje optimist før start i motbakkeløpet Bringenatten opp. Dei siste månadene har han prioritert valkamp framfor kondisjonstrening.
Brattare og brattare
Vel fire kilometer i bratt motbakke er ei påkjenning. Løypa blir berre brattare og brattare etter kvart som løparane går seg tom for krefter.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Viljen har eg. Det står ikkje på det. Og som naturfotograf har eg gått mykje i skog og mark. Men dette er noko anna. Her blir det høg puls frå start til mål, seier Tore Haraldset.
Vart ikkje forbigått
Den ferske ordføraren heldt koken heilt til toppen. Han var overraska over ei brukbar tid i trimklassen.
– Målet i fyrste omgang var at eg ikkje skulle bli tatt att av konkurranseløparane som starta ein time seinare. Etter kvart såg eg at det var realistisk å klare det på under ein time. Også i trimklassa er det sprekingar som stiller opp. Det var nokre som passerte meg, men ikkje så mange. Det gav motivasjonen eit lyft. Eg gjekk i mål på 57 minutt – det er eg fornøgd med, seier Haraldset. Han rakk med god margin å få att pusten før konkurranseklassen storma over mål.
– Kjennest som medisin
– Kan ein sjå motbakkeløpet som ein metafor for den oppgåva du har tatt på deg som ordførar?
– Kommuneøkonomien er ei utfordring. Det blir nok like krevjande. Men det er råd å ta lærdom av eit motbakkeløp. Sjølv om det kjennest bratt og jævlig, ser du at du når målet til slutt. Det er ein god måte å kople av og lade batteria. Det kjennest som medisin, seier Haraldset.
Ifølgje arrangøren melde Haraldset seg på neste års løp opp Bringenatten med det same han kryssa mållina.