Eivind Botten frå Andebarkji TSK er einaste lokale deltakar i norgescuprittet Tour te Fjells. Her i lag med rittleiar Ole Christian Nymoen.
Eivind Botten frå Andebarkji TSK er einaste lokale deltakar i norgescuprittet Tour te Fjells. Her i lag med rittleiar Ole Christian Nymoen.

Tour te fjells: Jamt på fyrste etappe

Torsdag kveld gjekk starten på Tour te Fjells, med tempoetappe på Golsfjellet.

Sykling: Over 200 deltakarar totalt var på start då norgescuphelga opna med tempoetappe frå krysset innover frå Fv51 mot Storefjell.

Etappen baud på stigningar på totalt 200 høgdemeter opp til mål ved hotellet og var kring fem kilometer lang. I seniorklassen stod kampen om sigeren mellom Torstein Træen frå Uno-X-laget og overaskelsesmannen Jon Sæverås Breivold frå Bygdø IL. I mål skilde det berre to sekund mellom dei to. Iver Knotten, som slo Edvald Boasson Hagen i NM, var 15 sekund etter vinnaren.

Artikkelen held fram under annonsen.

Eivind Botten, som var einaste lokale deltakar, vart til slutt nummer 77 av 113 startande, to minutt etter teten. I kvinneklassa tok Hitec-duoen Ingvild Gåskjenn og Ingrid Lorvik dei to fyrste plassane, medan Hedda Skogesal Samsing (Asker) vart nummer tre. Juniorvinnarane var Dennis Gråsvold (Grenland) og Natalie Irene Midtsveen (Ringerike).

Nøgd

– Sportsleg sett gjekk det veldig bra i går. Det var stort sett forventa vinnarar, men litt overraskande og moro med Jon Breivold som berre var to sekund etter Træen. Træen er ein topp klatrar frå Uno-X, så det var ikkje så overraskande at han vann, seier rittleiar, Ole Christian Nymoen.

Han fortel om ein kjølig start på ritthelga, med 10–12 sekundmeter vind og 6–8 plussgrader.

– Ryttarane er vand med å sykle i kaldare forhold enn dette, og sola var god, så dei klaga ikkje. Men litt kjedeleg er det når me arrangerer midt på sommaren.

Spent

Fredag hadde ryttarane start og mål på Sanderstølen.

Då gjekk etappen over Golsfjellet, ned til Leira og ein runde i Valdres før returen.

– No er me i gang med det som er mest spennande, nemleg fellesstartane. Avviklinga har gått bra til no, og me er positive, seier Nymoen.

I helga vil rittet også gå på fleire vegar i Hallingdal. Laurdag morgon startar ryttarane frå Storefjell og køyrer ned til Gol før dei skal vidare mot Ål, Leveld og over til Hemsedal. Sundag er det målgang i Gol sentrum. Tidlegare i veka oppmoda rittleiaren publikum om å nytte heimesida og facebooksida deira for oppdatering om kva for vegar som blir råka.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Fv51 over Golsfjellet blir klart mest belasta av rittet. Der blir det stengt i periodar både fredag, laurdag og sundag, og stengingane kan vare opp mot tretti minutt. Lokale som treng å koma seg raskt over fjellet bør følgje med på nettet, der skal me oppdatere undervegs, sa Nymoen.