Toppar verdscupen
Håvard Bøkko vart i helga nummer to på 1500 meter i Astana og overtok leiinga i verdscupen etter tre løp på distansen.
Skøyter: Nok ein gong viste Håvard Bøkko at 1500 meter er hans beste distanse. Under verdscupløpa i Astana i Kazaksthan vart han berre slått med tre tidelar av amerikanaren Shani Davis.
Håvard gjekk i siste par mot nederlendaren Maurice Vriend og vann samløpet på 1.46,34 etter ei sterk avslutning. Sterke avslutningar er gull verdt på 1500 meter, for der er det uhyre tett med ni løparar på 1.46-talet.
Artikkelen held fram under annonsen.
På denne distansen er det også mange nasjonar i toppen. Blant dei ti beste på resultatlista i Astana var det løparar frå åtte nasjonar, deriblant to nordmenn. Sverre Lunde Pedersen vart nummer sju.
Med to andreplassar og ein femteplass overtok Håvard Bøkko leiinga på 1500 meter. Han er også tittelforsvarar på denne distansen i World Cup.
Solid milløp
Skøytesporten er i ferd med å bli ein idrett for spesialistar. Sprintarane går aldri lenger enn 1000 meter, og langdistansespesialistane aldri kortare enn 5000.
For all roundardane Håvard Bøkko og parkamerat og lagkamerat Lunde Pedersen var årets første 10.000 meter svært opplyftande. Håvard gjekk eit jamt og godt løp og vart nummer fire på 13.07,54. Læreguten frå Fana imponerte stort. Han hang på Bøkko som ein klegg og tok femteplassen vel sekundet bak Bøkko. No har Norge to medaljekandidatar under all round-VM på Hamar i februar.
Der stiller ikkje dei nederlandske langdistanseekspertane Jorrit Bergsma og Bob de Jong som var i ein klasse for seg og gjekk på 12.50 og 12.51. Sven Kramer stod over.
Hege opp i A-gruppa
Hege Bøkko (21) har hatt ein tung start på sesongen etter ein sjukdomsperiode tidlegare i haust. Men 1500 meteren i Astana viste at ho er på rett veg.
Hege vann B-gruppa på 2.00,94 og er klar for A-gruppa på nyåret. Ho gjekk også ein god lagtempo saman med Ida Njåtun og Mari Hemmer og vart nummer fem.
I lagtempo for menn vart trioen Bøkko, Lunde Pedersen og junioren Simen Spieler Nilsen nummer tre.
Artikkelen held fram under annonsen.
Fyrste del av verdscupen for distanseløparane er over. Sprintarane går verdscup i Japan og Korea dei to neste helgane.
Neste dyst for all round-løparane er NM i Stavanger om halvannan veke.