Vetle Sjåstad Christiansen fekk sine fyrste verdscuppoeng laurdag. For to veker sidan spurtslo han tyske Michael Roesch på Beitostølen. (Arkivfoto/Kjell Gurigard)
Vetle Sjåstad Christiansen fekk sine fyrste verdscuppoeng laurdag. For to veker sidan spurtslo han tyske Michael Roesch på Beitostølen. (Arkivfoto/Kjell Gurigard)

Tok verdscuppoeng i Sverige

Juniorløparen frå Geilo fekk ein god debut i møte med verdseliten i Östersund.

Vetle Sjåstad Christiansen gjekk sitt fyrste verdscuprenn laurdag, og frå eit seint startnummer fekk 20-åringen ei god gjennomkøyring i møte med langt eldre løparar.

Han gjekk fort inn til fyrste ståande, og med ein strafferunde heldt det til ei god plassering frå eit seint startnummer. Mange av storfavorittane sleit med utfordrande vindforhold og på resultatlista var det fleire overraskingar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Beinhardt

Christiansen gjekk fort også inn til ståande skyting, men med ladekluss på standplass vart det ein bom på det siste skotet og geilingen måtte ut i strafferunden igjen.

Likevel heldt det til ein imponerande 27. plass. Han kom i mål 1 minutt og 18 sekund etter den overraskande vinnaren, Jean Phillippe Lequellec frå Canada. Henrik L’abee Lund vart beste norske på femteplass.

– Det var eit knallhardt løp, skytinga var litt så som så, men eg er nøgd med verdscuppoeng, oppsummerte Vetle Sjåstad Christiansen til NRK etter løpet.

På jakt

Sundag går skiskyttarane jaktstart i dei svenske skogane, og geiloløparen står på start.

– Eg er eit drygt minutt bak, det er ikkje heilt håplaust utgangspunkt. Eg får legge meg i rygg på Ole-Einar som har omtrent same utgangspunkt, og la det stå til, sa Vetle.

Han var fornøgd etter verdscupdebuten.

– Det var skikkeleg artig, det er jo ein draum som blir verkeleg, sa Christiansen til NRK.