Håvard Bøkko i tet på 10 000m uncder allround-NM
Håvard Bøkko i tet på 10 000m uncder allround-NM

Tok allroundtittelen

Medan Håvard Bøkko tok sin femte tittel stod Hege for fyrste gong øvst på pallen som samanlagtvinnar i allround-NM.

Det stod Bøkko øvst på lista i både herre- og kvinneklassen etter at allround-NM vart avslutta i Tønsberg sundag.

Med siger på 500- og 1500m og andreplass på dei to lengst distansene (3000m og 5000m) tok Hege Bøkko sin fyrste allroundtittel som senior. 20-åringen var ein outsider til norgesmeistertittelen, men då Ida Njåtun falt på 500m vart Hege favoritt til tittelen. Nærast ho i samandraget vart Mari Hemmer (Aktiv SK) som vann dei to lengste distansane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Håvard Bøkko var suveren i herreklassen. Han vann samtlege distansar og tok tittelen føre Kristian Reistad Fredriksen frå Geithus.