Tomas Markegård var raskast av alle mellom portane i Hafjell i FIS-rennet for juniorar som gjekk av stabelen fredag (Arkivifoto)
Tomas Markegård var raskast av alle mellom portane i Hafjell i FIS-rennet for juniorar som gjekk av stabelen fredag (Arkivifoto)

To gull i alpinbakken

Tomas Markegård (20) og Kristiane Bekkestad (17) var beste norske i sine klassar under eit junior-FIS-renn i Hafjell fredag.

Markegård var ikkje berre beste norske, men og raskast av alle. Med ei sluttid på 39 hundredelar betre enn nummer to resulterte det i gull til den unge hemsedølen.

Sjølv om dette var eit internasjonalt renn var det berre fem utanlandske som klarte å kome inn blant dei 20 beste.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også Kristiane Bekkestad køyrde skarpt. Rett nok hadde ho både austerrikske Naide Fest, og dei to svenskane Lisa Hoernblad og Paulina Grassl framfor seg, men ålingen var ikkje meir enn 32 hundredelar bak.

Det resulterte i NM-gull for juniorar, ettersom FIS-rennet også talde i NM-samanheng.