Tiril Sjåstad Christiansen er ein av tjue deltakarar i Tv3-programmet "Råskap". (Arkivfoto)
Tiril Sjåstad Christiansen er ein av tjue deltakarar i Tv3-programmet "Råskap". (Arkivfoto)

Tiril testar grenser i Stryn

I likskap med Andreas Håtveit har Tiril Sjåstad Christiansen vorte realitydeltakar.

Christiansen er med i det nye TV3-programmet «Råskap» som kjem på skjermen i haust.

Konseptet går ut på at tolv tidlegare og aktive idrettsutøvarar skal gjennom eit styrke- og uthaldenheitsløp over 20 dagar. I løpet av 20 dagar skal dei finne ut kven som er den råaste av dei.

Artikkelen held fram under annonsen.

Tidlegare motocrosskøyrar Ailo Gaup er programleiar, og innspelinga er gjort i Stryn. I konkurransen møtte freeskikøyraren mellom andre langrennsløpar Vibeke Skofterud, brettkøyrar Andreas Ygre Wiik, proffboksar Kai Robin Havnaa og skicrosskøyrar Hedda Berntsen.

– Det var kjempegøy. Ei oppleving eg aldri kjem til å gløyme. Det var noko av det hardaste, men råaste eg nokon sinne har vore borti, seier Christiansen.