Taekwondo: Tok medaljar på landsstemne
Nærare 500 utøvarar deltok i Landsmeisterskap og NM i taekwondo sist helg.
Ål Taekwondoklubb hadde med tre utøvarar, Valerie Ayala Trujillo, Luna-silvana Trujillo og Tiril Emilie Tveito. Valerie i sortbelte senior kvinner, og dei to andre i yngre junior. Valerie tok med seg imponerande tre av tre medaljar, trass ei lengre periode med sjukdom, også under stemnet. Bronse i mønster, sparring og spesial teknikk.
Veslesøster Luna følgde også opp med tre medaljar i sortbelte klassen for yngre jr., med bronse i mønster og vart landsmester i både sparring og spesialteknikk.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tiril Emilie deltok i sitt første LM, og gjekk to rundar i mønster med solid prestasjon, men tapte med eitt poeng mot vinnaren av den store klassen for rødbelter. Ho viste mykje mot i sparring-klassen, som også var med sortbelter. Ho møtte tøff motstand, og kjempa seg til ein bronsemedalje.