Taaje klar for ny klubb
For ein månad sidan forlét Jesper Taaje overraskande HamKam. Fredag signerte han for ei fyrstedivisjonsklubben KFUM Oslo.
Fotball: Det har vore eit hektisk fotballår for hemsedølen. I fjor haust tok han steget opp til fyrstedivisjon og HamKam. Etter å ha imponert der forlét han klubben og vende nasen mot Oslo, studium og planar om å returnere til Kjelsås.
Nyleg fekk han telefon med eit overraskande tilbod. KFUM hadde kome på banen og lagt inn bod på 23-åringen. Ein av stopparane deira var skadd, og dei var på spelarjakt.
Artikkelen held fram under annonsen.
Tok sjansen
– Det var ein veldig god sjanse for meg. Eg får spele fotball på høgt nivå, bu i Oslo og trene på tider som passar meg bra med tanke på utdanninga, seier Taaje.
Den tidlegare HFK-spelaren var budd på å vere i Kjelsås, men seier han ikkje kunne takke nei når eit slikt tilbod på banen.
– Eg hadde trudd eg skulle vere i Kjelsås, men iblant får ein moglegheiter som ein berre må ta. Eg vart overraska, men fornøgd med at det var interesse for meg frå ein slik klubb.
Håpar å spele
Avtala han signerte fredag ettermiddag går ut 2023-sesongen. Den nye klubben har spelt i OBOS-ligaen dei siste sesongane, men har ambisjonar om å kjempe om opprykk.
– KFUM er ein veldig fin klubb som spelar kul fotball. Dei har etablert seg i OBOS Og vil prøve seg på kvallik til Eliteserien. Eit godt val for meg, meiner Taaje.