Stafett på ponniryggen
I helga har ni unge ryttarar trent ponnistafett på Gjeldokk Hestesenter. Mounted Games er ein publikumsfavoritt i hestesporten.
To ryttarar styrar ponniene sine i ring i ridehallen på Gjeldokk Hestesenter i Ål. Sidan fredag kveld er det konkurranseforma Mounted Games det har handla om, ponnistafett der ryttarar i ulike aldersgrupper bryner seg på race med ulike utfordringar. No er det sundag, og Bergljot Bjella på ponnien Alva og Sigrid Lerberg Holm på Pioni varmar opp. Det er dags for å vise kva dei har lært i løpet av introduksjonshelga.
– Det er vanskeleg. Mounted Games er heilt nytt for meg, men alt me har gjort her er kjekt, seier Holm.
Artikkelen held fram under annonsen.
Ho får Pioni opp i fart, og frå motsett side av ridehallen kjem Bjella ridande. To utstrekte hender møtast og ein stafettpinne går frå ein ryttar til ein annan. Suksess.
– Målet er å få ryttarane til å utvide horisonten og ikkje berre lære sprang og dressur, seier Ingebjørg H. Ådnegard, som arrangerer treningshelga i samarbeid med Hallingen Hestesportklubb.
– Bra! Fint! oppmuntrar Luna Austheim Jacobsen frå sanddekket i ridehallen.
Hemsedølen rir Mounted Games aktivt og er henta inn som instruktør for dei i alt ni ryttarane frå 9 til 15 år som deltek. Saman med Ådnegard har Jacobsen trent på eigne ferdigheiter på ponniryggen tidlegare i helga. No er det Bjella og Holm som gjeldt.
Bjella spring ved sida av Alva og prøver å hoppe på i fart, ein typisk Mounted Games-teknikk. Ponnien er rask trass i korte bein, og ryttaren glir fleire gonger ned i staden for å kunne dra seg heilt opp. Nytt forsøk. Og endå eitt. Ein meistrar ikkje Mounted Games utan trening. Alva held farta oppe og Bjella tek sats til eit mellomhopp med samla bein før ho sprett opp i lufta og kastar beinet over ponniryggen – og får drege seg opp i salen.
Ein stolt ryttar strekk armane triumferande i vêret.