Spent på å starte gatelag
Dei fleste storklubbane har satsa på «gatelag». No gjer Hallingdal FK det same.
Fotball: Etter lang ventetid inviterer HFK til den fyrste gatelagstreninga denne helga. Tilbodet er spesielt retta mot folk som har slite med utfordringar knytt til rus og psykisk helse. Det er ope for begge kjønn og det er ingen aldersgrense.
– Me ynskjer at aktiviteten til klubben skal famne vidare enn me har gjort til no, sa Jan-Eirik «Jansen» Thorberg tidlegare i år. Sportssjefen i Hallingdal FK fortel at dei har jobba med å få i stand eit tilbod om gatelag ei god stund. Det er ein del av planen om å gjere klubben heilare og famne vidare.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gatelag har vore prioritert av helsemyndigheitene som eit tiltak for å få folk tilbake til ein betre kvardag. Klubben har også fått pengar frå Helsedirektoratet til prosjektet. Thorberg håpar dei som har lyst til å prøve seg på fotballbanen møter opp på Hallingmo laurdag føremiddag. Men han veit terskelen kan vere høg.
– Me veit at mange her i dalen kvir seg for å bli med på noko slikt. Dei kan vere redde for å bli stigmatiserte, seier Thorberg.