Sondre Evjen vann i Valdres
Sondre Evjen frå Gol vart beste halling under eit kvalifiseringsløp i Valdres i helga.
Evjen stod med to heatsigrar og ein andreplass i dei innleiande rundane, og han vann også bilcrossfinalen for juniorane. Der vart klubbkamerat Håvard Øynebråten nummer fem.
I senior vart Vetle Foss Morken (Gol) best av dei lokale på Sundvold motorbane med ein 12.plass.