Sondre Slettemark (19), Geilo kvalifiserte seg til verdscuprenn med innsatsen i helga. (Arkivfoto)

Sondre (19) er junior i to år til - no er han klar for den store scena

Sondre Slettemark sette personleg rekord og kvalifiserte seg til å gå både meir verdscup og VM for seniorar.

I helga gjekk den 19 år gamle geilingen inn til ein 20. og 22. plass på to renn under IBU-cup i svenske Idre. Der konkurrerte han mot 100 løparar frå store delar av verda, majoriteten av desse er seniorløparar og fleire år eldre. På sprinten laurdag skaut han feilfritt og var eitt minutt og førti sekund etter vinnar Johan Olav Smørdal Botn. På det andre løpet vart det fire bom totalt, og han gjekk i mål to minutt og ni sekund etter tyske Philipp Horn.

Les også
Hylla trenaren etter stafettsiger og stavbrot

Slettemark har no 29.-plassen på samanlagtlista, og er rekvalifisert til verdscup og VM for senior, sjølv om han er junior i to år til. Målet for sesongen er likevel IBU cup for juniorar og meisterskap i januar og februar.

Artikkelen held fram under annonsen.

Les også
Sikra opprykk etter høgdramatisk kamp: – Me visste dei ville bli nervøse om me scora fyrst

– Eg er kjempefornøgd med desse renna, eg har tatt eit stort steg nærmare dei beste sidan i fjor. Då vart eg nummer 70, 66 og 48 i renna her, seier 19-åringen i ei pressemelding. Han legg til at han på ingen måte er skremt av nivået, men heller ser verdien i å sjå kvar han må ligge for å matche dei beste.