Skyt verdscup i London
Stian Bogar var på lista då den norske troppen til verdscuprunden i London vart presentert onsdag.
Høværingen skyt matchskyting for Oslo Østre, og var ein av fire utøvarar som får sjansen til å konkurrere i 60 skot liggjande (50m). Verdscuprunden går i den britiske hovudstaden 19.–28. april, og er også prøve-OL for skyttarane.
Artikkelen held fram under annonsen.
Verdscuprundane er viktig i samband med uttak til OL, som kjem seinare i år. Per no har seks utøvarar klart Olympiatoppen sitt OL-krav, som er to plasseringar blant dei 12 beste eller ei plassering blant dei tolv beste. Berre fire herreskyttarar kjem med i troppen, og Bogar har klart kravet i den same øvinga som han no skal skyte verdscup i.