Skuffa over eige forbund: - Kortsiktig og dårleg løysing
Etter to år på landslaget står Bjørn Brudevoll utan tilbod etter kutt i rekkene. Han er uroa for signala eige forbund no sender til unge løparar.
– Om dei kuttar mellomstadiet, der ein kan utvikle seg til toppløpar i verdscupen, kan det øydelegge motivasjonen til dei som går på skigymnas rundt om kring, meiner hemsedalsløparen.
Fleire veker seinare enn normalt kom landslagsuttaket i alpint sist veke. Eit landslag som hadde færre løparar enn i fjor. Totalt var sju løparar borte frå listene. Nokre av dei har lagt opp, andre har slite med skader og køyrd få renn i år.
Artikkelen held fram under annonsen.
Skadd på kritisk tidspunkt
På herresida var namna til Bjørn Brudevoll og trønderen Stian Saugestad ute frå fjorårets lag. Medan Saugestad har bestemt seg for å leggje opp, har Brudevoll fått beskjed om at han ikkje hadde gode nok resultat for å vere med på eit b-lag til vinteren.
– Eg hadde maks uflaks. Eg køyrde verdscup i Madonna i januar, og var tre hundredelar frå ein 30.-plass og andreomgang. Dagen etter vart eg skadd og var ute ein god månad. Då mista eg dei viktige renna, og då eg kom tilbake vart verdscuprenna i Japan avlyst. Etter det sette korona ein stoppar for alt, fortel han.
Den tunge telefonen fekk han dagen før uttaket vart offentleg. Det har vore tøft for slalåmspesialisten.
– Eg vart utruleg skuffa. Eg har vore i konstant utvikling og vorte betre og betre for kvart år sidan eg starta å stå på ski. I år er fyrste året eg har køyrt få renn og ikkje fått vist meg skikkeleg fram, og då har eg på papiret stått stille.
– Overraska?
– Både òg. Eg veit frå før at forbundet ikkje tek omsyn til om ein blir skadd, det har skjedd med andre. Og eg visste at eg ikkje hadde resultata til å få vere med vidare, men hadde håpa at dei såg potensial i meg og ville satse vidare. Det er ikkje mange som bankar på døra i slalåm, og det er langt frå meg til nestemann.
Motivert, men usikker
Utan landslagsmiljøet i ryggen er han usikker på korleis satsinga blir neste sesong.
– Eg må ta ein runde med dei andre som står utan lag no, og sjå korleis eg skal løyse det. Eg er framleis veldig motivert, og vil jobbe for å bli så god som eg kan. Men det er veldig vanskeleg å stå åleine, seier han.
Artikkelen held fram under annonsen.
Økonomisk er det eit puslespel om ein står utan eit lag.
– Det er vanskeleg, men eg skal ta ein prat med sponsorar og høyre. Det er ikkje lett å selje sponsorplass når du må stå på TV i landslagsklede om du gjer det bra. Men eg vil vise kva eg kan.
Redd konsekvensane
23-åringen som står med NM-gull i slalåm, meiner skiforbundet er for streng og at dei tøffe krava gjer det vanskeleg for yngre løparar å kome med.
– Det er tøft. Du må vere innanfor topp 30 i verdscupen eller ha vunne europacuprenn for å kome med. Då blir det vanskeleg for unge utøvarar på veg opp.
Han samanliknar alpint med ei trapp, der du tek steg for steg opp mot toppen.
- Du tek steg frå FIS-renn til E-cup til verdscup og køyrer deg opp til betre startnummer med gode plasseringar. Med eit slik kutt fjernar dei mange av trappetrinna. Det er skummelt. Du kan ikkje basere eit lag på at det berre er vedunderbarn som kjem rett opp. Det skjer ein sjeldan gong. Dei fleste går gradene, seier Brudevoll.
Håpar på endring
Han meiner skiforbundet gjer ein feil med å kutte i det han meiner er tilbodet til løparar i utvikling. Og seier overgangen frå junior på skigymnas til verdstoppen ikkje er gjort ved å knipse.
– Det å kutte eit C-lag heilt er ei kortsiktig løysing. Du sparar pengar her og no, men om du tenkjer fem til ti år fram i tid, så er dette ei dårleg løysing for rekrutteringsarbeidet. Eg er uroa for signala dei sender til dei yngre og motivasjonen deira, seier Brudevoll.
Artikkelen held fram under annonsen.
Han håpar situasjonen blir betre.
– Eg må berre håpe på endringar innanfor forbundet og at dei får meir ressursar etter kvart. Eg trur ikkje det er ei langvarig løysing med så folk på lag.