Skiskyttarane tok feire medaljar på Toten
Skiskyttarane frå Hallingdal kjempa i toppen under Norgescuprunden med innlagde NM-distansar for juniorane.
Skiskyting: Fredag opna helga på Østre Toten sin arena Karidalen med normaldistanse for alle klassar.
For juniorane var det ekstra prestisje, ettersom det var NM-øving, men ingen hallingar tok medaljar. I 19-årsklassen var Åsne Skrede nummer fire. Med ein bom på kvar av dei fire skytingane var ho dryge halvtanna minutt etter vinnaren. Mari Lindmo Kvanneberg (Ål) vart nummer seks i same klasse. Mari Torsteinsrud (Ål) vart nummer seks i 18-årsklassen. Ho var nesten tre minutt etter vinnaren, med sju bom totalt på dei fire skytingane.
Artikkelen held fram under annonsen.
På pallen
Laurdag vart ein betre dag for fleire av dei lokale løparane.
I 18-årsklassen tok Mari Torsteinsrud steget opp på pallen på sprinten. I vanskelege skyteforhold vart skiskyttaren frå Ål nummer to, 19 sekund etter Synne Owren frå Vingrom. Dei tre jentene på pallen hadde fem og fire strafferundar kvar. Vilde Kverndal Veslegard (Ål) vart nummer fem i same klassen, med fire strafferundar og halvtanna minutt opp til teten.
Åsne Skrede sikra tredjeplassen i 19-årsklassen, med ein bom på kvar av skytingane var ho dryge halvminuttet etter vinnaren. På gutesida var Filip Fjeld Andersen tilbake med startnummer etter ein trøblete sesong med skader og opptrening. Geilingen vart nummer fire i den eldste juniorklassen (20-21 år). Med feilfri skyting var han 35,7 sekund etter Sivert Guttorm Bakken frå Vingrom.
Ingen medaljar
Sundag gjekk juniorane NM i mix-stafettar.
Der gjekk Mari Torsteinsrud fyrsteetappen på andrelaget til Buskerud i klassen 17–18 år. I lag med Ole Amund Bonden Hørthe og Mathias Sørnes vart ho nummer seks. Fyrstelaget til Buskerud tok NM-gullet føre Oslo og Akershus og Telemark og Vestfold. I 17–21 år gjekk Øystein Markegård på fyrstelaget med Ane Einbu Baugerød og Dag Sander Bjørndalen. Trioen vart til slutt nummer sju. Dei var over to minutt etter vinnarlaget frå Oppland. I 17-senior gjekk Åsne Skrede på andrelaget til Buskerud, som vart nummer 11.