Skaut sesongen i gang på Geilo
Hallingdal blir sett på skiskyttarkartet i vinter. Startskotet gjekk på Geilo i helga, mens målgangen blir på Liatoppen i april.
Skiskyting: I helga starta sesongen for mange av landets beste skiskyttarhåp. Av våre eigne seniorar var det geilingen Pål Kristian Grue Tufte som gjorde det best under den første runden i Norgescupen. Han markerte seg med tredjeplass både under laurdagens sprint og på fellesstarten sundag.
– Det var eit hardkøyr. Eg måtte verkeleg jobbe, seier han til Hallingdølen etter passert målstrek.
Artikkelen held fram under annonsen.
Heilproft for rekruttane
Det har vore kring hundre deltakarar på Geilo skistadion dei siste dagane. Parallelt med DNB Norgescup har det også vore gjennomført Sparebank 1 cup for dei yngre årsklassene. Rennleiar Torgeir Skrede er stolt over at Hallingdal markerer seg som arrangør både i starten og slutten av sesongen.
– Dette set Hallingdal på kartet, seier han. Det er andre gong dei to cupane blir arrangert i lag. Samkøyringa gjer det mogleg å løfte heile arrangementet. Med fleire kamera ute i felten blir alt vist på storskjerm og direkteoverført på nett.
– Godt for rekrutteringa
På sprinten måtte Pål Kristian Grue Tufte sjå seg forbigått både av Torstein Stenersen (Målselv IL) og Christian Sæten (Nittedal IL). Under fellesstarten vart også Stenersen for hard. Tore Martin Søbak Gundersen (Åsnes SSL) vann over dei båe med 10 sekund.
På kvinnesida gjekk den utflytte ålingen Vilde Ravnsborg Gurigard (Vingrom IL) inn til bronse på fellesstarten. Ho vart nummer fem på sprinten. Ane Sandaker Kvittingen (Geilo IL) vart nummer 8.
– Å heve kvaliteten på stemnet er viktig for rekrutteringa, seier Skrede. Han er til vanleg sportsdirektør på NTG Geilo.
Gode resultat
Det gror ikkje så verst i dag heller. I Sparebank 1 cupen vann Eivind Stensvold (Geilo IL) klassa for Menn 19–21 år både laurdag og sundag. Av 18-åringane vann Martin Bårtveit sundagens konkurranse. Båe rett nok med ein strafferunde i kvart løp. Mari Bøygard (ÅL SSL) tok sølv i 17-årsklassa på opningsdagen. Mens 16-åringen Aleksander Fjeld Andersen vann si klasse laurdag. Sundag vart han nummer fire.