Terje Svarteberg (31) frå Geilo var norgesmeister under feltskytinga under Landsskyttarstemnet fredag.
Terje Svarteberg (31) frå Geilo var norgesmeister under feltskytinga under Landsskyttarstemnet fredag.

Skaut seg til norgesmeister

Terje Svarteberg (31) frå Geilo kunne sleppe laus jubelen etter finalen i feltskyting fredag, under Landsskyttarstemnet som i år gjekk i Målselv.

Svarteberg trefte blink på alle finaleskota, ti av dei var innertreff. Dermed kan han smykke seg med tittelen norgesmeister.

John Olav Ågotnes (Sartor) vart nummer to med 12 treff, ni av dei var innertreff. På tredje plass kom Trond Inge Rødland (Klepp) med 12 treff, åtte av dei innertreff.

Artikkelen held fram under annonsen.

Under innleiande skyting tysdag var Svarteberg ein av fleire med 30 treff, 16 av dei innertreff.