Tore Bøygard, president Norges Skiskytterforbund, er strålande fornøgd med at Norge får arrangere VM i 2016.
Tore Bøygard, president Norges Skiskytterforbund, er strålande fornøgd med at Norge får arrangere VM i 2016.

Skal lage VM-fest i Oslo

President i Norges Skiskytterforbund, Tore Bøygard frå Ål, har all grunn til å smile breitt. No er det klart at Holmenkollen får arrangere VM i skiskyting i 2016.

Det går fram av ei pressemelding frå Norges Skiskytterforbund sende ut sundag føremiddag. I juni vart det kjent at Norge og Holmenkollen var einaste søkjar til VM i 2016. Difor var sundagens vedtak i det internasjonale skiskyttarforbundet (IBU) meir ein formalitet.

IBU har denne helga sin tiande kongress i Merano i Italia. Sundag morgon var det offisielt at Norge og Holmenkollen skal vere vertskap for VM-arrangementet i 2016.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Dyktige folk har jobba hardt for å vinne fram med denne VM-søknaden. No ligg det fire år med knallhardt arbeid framfor oss. Me har som mål å lage eit fantastisk arrangement, ein skikkeleg folkefest som skal bli hugsa, seier Bøygard.

Dette er tredje gang Norge søkjer om å arrangere VM i skiskyting.

– Det kjennest godt å vinne fram etter to tapte slag, seier Bøygard.

Ole Einar Bjørndalen er ein av profilane som har vore aktive for å få VM til Holmenkollen. – Kjempemoro, seier han til nyheita om at Norge får arrangementet i 2016. (Arkiv
Ole Einar Bjørndalen er ein av profilane som har vore aktive for å få VM til Holmenkollen. – Kjempemoro, seier han til nyheita om at Norge får arrangementet i 2016. (Arkiv

Både tidlegare og noverande skiskyttarprofilar har vore aktive i søknadsprosessen.

– Det er kjempemoro at VM igjen skal arrangerast i Norge. Holmenkollen er godt likt også blant utanlandske konkurrentar, med eit fantastisk publikum og eit flott anlegg. Eg trur og håpar at VM i 2016 blir ein skikkeleg folkefest, seier Ole Einar Bjørndalen i pressemeldinga.