Skal forsvare VM-tittelen
Fyrste gong ho stilte i VM vann ho med lånte hundar. No skal Anne Marte M. Løvstuen (23) til Canada med to eigne firbeinte.
HUNDESPORT: I sofaen i leilegheita i Hol ligg to langbeinte frøkner.
Arya og Nemi har trent i vekevis for å springe fortast mogleg. No gjeld det. For Nemi blir det debuten i eit internasjonalt meisterskap. Ho er akkurat gammal nok til å stille, medan Arya var med i EM i fjor.
Artikkelen held fram under annonsen.
Eigar Anne Marte er ein av sju norske deltakarar i verdsmeisterskapen i hundekøyring, som går i canadiske Haliburton neste veke.
– Eg er spent, eg må innrømme det. Eg får sommarfuglar i magen berre av å tenkje på at det er VM, seier ho.
Mange reglar
Ei lang reise ventar folk og dyr før meisterskapen. Torsdag flaug dei til New York, før dei køyrde ni timar med bil gjennom USA.
Med seg har Løvstuen far, tante og dei to hundane. Hundane har aldri floge før, men har omfattande dokumentasjon i eigne pass.
– Det er mykje å passe på før me skal reise. Det har vore mykje å fylle ut, og hundane måtte vaksinerast før avreise. Det er heller ikkje lov å ta med hundefôr over, så det må me kjøpe der, seier ho.
Treningsmessig har snømangel vore ei utfordring.
– Før uttaksløpet til VM måtte eg dra fram kickbiken og begynne med barmarkstrening att for å halde oss i form.
Medaljedraum
For to år sidan hadde ho sin fyrste sesong som aktiv i sporten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Det vart krona med VM-gull i øvinga tospann snørekøyring. Den gongen var det med to lånte hundar. Når ho no reiser er det med to eigne firbeinte, som ho har trent opp sjølv.
– Det er noko heilt anna. Eg har hatt dei sidan dei var kvelpar. Dei er veldig raske sidan det er litt greyhound i dei, og eg merkar at dei blir gradvis sterkare når dei veks til. Dei er eit fint tospann som utfyller kvarandre godt.
Sjølv stiller ho på start som verdsmeister. Forventningane og ambisjonane er på eit anna nivå enn sist meisterskap.
– Eg går for medalje, men eg blir ikkje skuffa om eg ikkje klarar det. Det er mykje som skal klaffe, og hundane er unge og har ikkje så mykje erfaring. Eg er også relativt fersk i sporten.
Ho stiller i fem øvingar i VM. Tysdag går den fyrste konkurransen, onsdag er det kviledag og frå torsdag til sundag er det konkurransar kvar dag.
– Det blir hektisk og utfordrande. Eg er spent på kor godt Nemi held. Særleg på lengre løp. Me har trent på lengre distansar enn det er i VM, men det er forskjell på trening og konkurransar.
Ulike
På fanget til verdsmeisteren ligg to rolege hundar, Men på få sekund kan dei forvandle seg til eksplosive trekkdyr.
– Dei er avla for å trekke, denne rasen elskar det. Det merkar eg på hundane. Arya er meir gira på start, for i begynnelsen syntest eg det var moro at ho var så klar for løp. Nemi har eg lært til å vera rolegare og sitje fint.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Tenkjer du taktisk?
– Eg veit mange gjer det, men eg har ikkje gjort det. Me går hardt ut og prøver å halde så lengje som mogleg.
Ho trur bakgrunnen hennar frå skiskyting er ein fordel.
– Både når det gjeld balanse og teknikk, trur ho.
Livsstil
Økonomisk er VM-turen eit tapsprosjekt. Alle dei norske som reiser til Canada er hobbykøyrarar med jobb eller studiar ved sida av.
– Me får sponsa ein liten del av turen, elles må me betale det meste sjølv. Her heime blir eg sponsa med hundefôr, men resten er utgifter.
– Er det verdt det?
– Sjølvsagt. Eg trivst så godt med det at eg vil ikkje slutte. Men du blir ikkje rik av å køyre hund.
Artikkelen held fram under annonsen.
Løvstuen er fornøgd med at ho valde å satse skikkeleg.
– Det blir ein livsstil. Det er vanskeleg å slutte når ein fyrst har begynt. Du får kome deg ut og trent både deg sjølv og hundane. Det er folk i denne idretten som er både 40 og 50 år.