Sjåstad Christiansen gravid: «Trur me skal få nok å gjere dette året»
Tiril Sjåstad Christiansen fortalde laurdag at ho og kjærasten Stian Lauritzen ventar barn.
Nyheita slapp ho på sin eigen Instagram-profil.
Sjåstad Christiansen la laurdag ut eit bilete av seg sjølv og Lauritzen, med teksten «Holy guacamole. Trur me skal få nok å gjere dette året likevel, eg».
Artikkelen held fram under annonsen.
Det har strøymt på med lykkehelsingar under biletet.
Geilo-jenta og Lauritzen hadde planar om å gifte seg i sommar, i Italia. Men då koronautbrotet kom, vart det fort klart at det ikkje ville la seg gjennomføre å ha eit bryllaup i utlandet.