Siger og tap for HFK
Damelaget til HFK vann solid på heimebane laurdag. Herrelaget sleit på bortebane. Begge lag hevdar seg i kvar sin 3.-divisjon denne sesongen.
Hallingdal FK sitt A-lag damer hadde ein god dag på Hallingmo laurdag.
Sterkt lag
Laget tok imot Drangedal, som dei slo 4–0 på bortebane i slutten av mai. Om HFK-damene var sterke då, var dei endå sterkare på Gol laurdag: Då klokka stoppa på 90 minutt viste måltavla 5–0 i HFKs favør.
Artikkelen held fram under annonsen.
Etter 16 spelte kampar ligg HFK-damene på 4.-plass i 3.-divisjon, Buskerud fotballkrets. Laget har sikra seg 26 poeng når det er fire rundar igjen. Lier toppar tabellen med 40 poeng.
Neste sundag, 27. september, møter HFK Holmestrand på bortebane.
Ikkje gode nok
HFK-karane sitt A-lag møtte Oslo-laget Skårer på bortebane laurdag. Då Skårer vitja Hallingmo i mai, vann HFK 4–3. På bortebane vart det verre. Skårer, som kjempar for å unngå nedrykk, vann 3–1.
– Me opna bra og scora, men då Skårer fekk ei utlikning like etterpå datt me veldig. Me prøvde å jage scoring heile tida, men bomma på mange store sjansar utan å lykkast. Sett ut frå spel og sjansar så hadde me fortent meir, men samtidig var me ikkje så gode som me har vore enkelte kampar i haust, seier trenar Jan-Eirik Thorberg.
– Over forventning
Etter 21 spelte kampar ligg HFK som nummer 8 på tabellen med 26 poeng. Skårer er nest sist med 15 poeng. Frigg leiar med 47 poeng. Hadde HFK vunne mot Skårer, ville plassen i 3.-divisjon vore sikra. Thorberg er likevel ikkje uroa.
– Me har fem kampar igjen å spele, og det skal skje mykje gale om me ikkje har nok poeng no. At me faktisk har såpass med poeng er over forventning. Me hadde trudd det skulle vere litt tøffare i 3.-divisjon, at me kanskje skulle ligge litt lenger ned på tabellen. Sånn sett er me veldig godt nøgd med sesongen så langt, seier han.
Laurdag 26. september tek HFK imot Nordstrand på Hallingmo.