Håvard Bøkko var seks hundredelar frå å forsvara fjorårsgullet på 1500 meter. T.v. Ivan Skobrev, Russland (sølv) og gullvinnar Denny Morrisson, Canada.
Håvard Bøkko var seks hundredelar frå å forsvara fjorårsgullet på 1500 meter. T.v. Ivan Skobrev, Russland (sølv) og gullvinnar Denny Morrisson, Canada.

Seks hundredelar frå gull

Håvard Bøkko hadde ikkje marginane på si side då han skulle prøve å forsvare VM-gullet frå Inzell.

Skøyter: Opningsdistansen på Thialf Stadion vart ein skøytethriller av dei sjeldne.

Frå gullvinnar Denny Morrison skilte det to tidelar ned til sjetteplassen, det er marginalt. Endå tettare var det i toppen, der Håvard Bøkko kjempa for å forsvare gullmedaljen frå Inzell i fjor.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Eg er sjølvsagt skuffa når eg var så nær. Men eg fekk jo medalje, og då har eg ikkje lov til å la skuffelsen dominere. Eg er meir glad for at eg vart nummer tre og ikkje fire, enn eg er skuffa over å ikkje vinne, sa Håvard til NRK etter løpet.

Ein fot frå gull

Håvard Bøkko gjekk i nest siste par, mot nederlandske Kjeld Nuis og måtte slå tida til russiske Ivan Skobrev for å ta leiinga.

Ved siste passering låg han an til å klare det, men på siste runden vart han bak Skobrev. Bøkko gjekk den på 28,5, medan russaren hadde 27,9. I mål var han eitt fattig hundredel for seint ute til å kjempe om sigeren.

I siste par gjekk Denny Morrison mot Shani Davis. Han gjekk eit knalløp og tida 1.46,44. Det heldt til siger, fem hundredelar føre Skobrev, og seks hundredelar føre Bøkko.

Gratulerte Morrison

– Eg er nøgd med bronsemedaljen i dag. Det var eit tett løp og eg var berre seks hundredelar frå gullet. Slik er idretten. I fjor vann eg med fire ..., skreiv Bøkko på sin twitterkonto etter løpet, samstundes som han gratulerte vinnar Morrison.

– Eg er glad Denny vann. Han er ein god kompis, og det har gått mykje stong ut for han i vinter. Difor var det fint at han endeleg hadde marginane på si side. For meg hadde det vore verre om det var hundredelen Skobrev slo meg med, som hadde skilt meg frå gullet, seier Bøkko til NRK etter løpet.

Nøgd Mueller

Også CBA-trenar Peter Mueller var i det same intervjuet nøgd med bronseløpet til eleven.

– Sjølvsagt hadde det vore betre med gull, men eg er stolt over at Håvard gjekk ein ny flott 1500-meter, sa Mueller.

Artikkelen held fram under annonsen.

Fredag 23. mars:

15.00: 1000m menn

1500m kvinner

5000m menn

Laurdag 24 mars:

12.00: 1000m kvinner

10.000m menn

5000m kvinner

Sundag 25. mars:

13.30: 500m kvinner og menn

Lagkonkurranse kvinner og menn