Henrik Fagerli Rukke ligg på 15. plass etter første dag av sprint-VM.
Henrik Fagerli Rukke ligg på 15. plass etter første dag av sprint-VM.

Rukke nummer 15 etter fyrste dag i VM

Henrik Fagerli Rukke er nummer 15 etter første dag av sprint-VM på skøyter. Hege Bøkko er nummer 20.

Dei to løparane frå Hol går VM i den nederlandske skøytebyen Heerenveen laurdag og sundag.

Rukke, som vann bronse i sprint-EM i januar, opna VM med 14.-plass med 35,12 på 500 meter. På 1000 meter vart han nummer 17 med 1,10,24. Det gir 15.-plass samanlagt før dei to avgjerande løpa sundag.

Artikkelen held fram under annonsen.

Pavel Kulizjnikov frå Russland leiar etter opningsdagen føre Håvard Holmefjord Lorentzen og Kjeld Nuis frå Nederland.

Hege Bøkko ligg på 20.-plass samanlagt etter 38,76 på 500 meter og 1,18,19 på 1000 meter. Plasseringane 17 og 22 var omtrent der Bøkko har plassert seg gjennom sesongen.

Japanske Nao Kodira leiar etter første dag.