Rukke må betale 6000 kroner for å gå World Cup
Christoffer Fagerli Rukke (27) er tatt ut til World Cup i Inzell. Men han må betala 6000 kroner sjølv fordi han går i B-gruppa.
Skøyter: Christoffer Fagerli Rukke vann 500 meter og 1000 meter under norgescupløpa i helga.
– Middels fornøgd
Løpa i Vikingskipet var også kvalifiseringsløp til World Cup i Inzell fyrstkomande helg. Heile norgeseliten med unntak av dei seks som gjekk World Cup i Canada og USA deltok.
Artikkelen held fram under annonsen.
Christoffer Fagerli Rukke vann med tidene 36,12 og 1.11,48. På den kortaste distansen vart han slått med eitt hundredel av finnen Harri Levo.
– Eg er fornøgd med å vera beste nordmann, men middels fornøgd med løpa. Eg er ikkje i flytsonen enno og skal terpe teknikk saman med sprinttrenar Wotherspoon for å finne toppformen. 1500 meter kjem eg ikkje til å prioritere for sprintteknikken sit, seier Christoffer.
Må betala 6000
Etter løpa i Vikingskipet vart Rukke tatt ut til å gå 1000 meter under World Cup-stemnet i Inzell til helga. Om han får bli med til Heerenveen ei veke seinare blir avgjort etter løpa i Inzell.
Men uttaket har ein bismak. På grunn av svak økonomi bestemte Norges Skøyteforbund i haust at løparar som ikkje er kvalifisert til A-gruppa i World Cup må betala 6000 kroner for kvart stemne.
– Det er trist at økonomien i skøyteforbundet er så dårleg at me som er i B-gruppa må betala eigendel, seier Christoffer.
– Aldri hendt før
– Kva synest du om å måtte betala for å representere Norge?
– Det har aldri vore lukrativt å vera skøyteløpar. Så vidt eg veit har det aldri hendt før at norske skøyteløparar må betala for å gå World Cup. Alternativet er å ikkje gå World Cup. Så dersom ein vil vera med, er det ikkje annan utveg.
– Må du ta frå eiga lomme?
Artikkelen held fram under annonsen.
– Eg håpar både klubben (Hol idrettslag) og skøyteakademiet er med og spleisar. Så eg veit ikkje kor mykje eg må betala sjølv.