Henrik Fagerli Rukke var 8 hundredelar frå pallen i World Cup for junior i Berlin. I Heerenveen om halvannan veke går han World Cup for senior. (Arkivfoto)
Henrik Fagerli Rukke var 8 hundredelar frå pallen i World Cup for junior i Berlin. I Heerenveen om halvannan veke går han World Cup for senior. (Arkivfoto)

Rukke lukta på pallen i World Cup

Henrik Fagerli Rukke (19) var åtte hundredelar frå å koma på pallen i World Cup for junior.

Skøyter: Holingen var uhyre nær å klatre opp på pallen for fyrste gong i eit World Cup-stemne.

Under verdscupløpa for junior i Berlin vart han nummer fire på 500 meter på tida 36,09. Det var åtte hundredelar bak den russiske bronsevinnaren. Japanaren Shinhana vann distansen på 35,74.

Artikkelen held fram under annonsen.

Også på 1500 meter gjekk Henrik eit knallgodt løp. Han vart nummer åtte og beste nordmann på 1.52,40. Holingen var to sekund bak russaren Mushtakov som vann.

Rukke fall på 1000 meter og gjekk på det norske sprintlaget som vart nummer fem.

Som bonuspremie for den sterke prestasjonen er Henrik Fagerli Rukke ein av tre juniorløparar som er tatt ut til World Cup for senior i Heerenveen om halvannan veke. Då får han elddåpen blant dei store.