Regnvêret stoppa FIS-renn
FIS-renna på Geilo i helga vart avlyst fordi det var uforsvarleg å arrangere skirenn i regnvêr på blaut nysnø.
Alpint: Rundt 250 alpinistar frå over 20 nasjonar var klare til å køyre FIS-renn i slalåm i Vestlia på Geilo laurdag og sundag, men det sette vêrgudane ein stoppar for.
– Uforsvarleg
– Me salta nysnøen som kom fredag, men regnet laurdag førte til at saltet ikkje beit på blautsnøen. Det hadde vore uforsvarleg arrangere renn under slike forhold, så rennet vart avlyst, seier Kristinn «Kiddi» Bjørnsson.
Artikkelen held fram under annonsen.
Islendingen er alpintrenar ved NTG som arrangerer FIS-renna på Geilo. Også sundagsrenna måtte avlysast.
– Det la seg ei frosthinne på blautsnøen som løparane ville bryte gjennom. Det hadde vore farleg å arrangere skirenn under slike forhold, seier Bjørnsson.
FIS-renn
Han synest det er kjedeleg at renna vart avlyst på grunn av regnvêr og blaut nysnø.
– Det har vel aldri skjedd før at alpinrenn på Geilo er avlyst på grunn av snøforholda. Men sikkerheita til løparane er viktigast. Måndag morgon var det fine forhold, seier han.
Alpinistane får likevel mange sjansar til kjempe om FIS-punkt dei neste dagane. Storslalåmrenna i Hemsedal måndag og tysdag går som planlagt.
I helga er FIS-rennsirkuset tilbake på Geilo. Frå laurdag til tysdag er det FIS-renn i slalåm og storslalåm fire dagar på rad. Førjulsrunden i Hallingdal blir avslutta med to dagars super-G i Hemsedal i midten av neste veke.