Ralph Johannessen vant, tradisjonen tro, si klasse under Gausdal Maraton. (Foto. Arkiv)
Ralph Johannessen vant, tradisjonen tro, si klasse under Gausdal Maraton. (Foto. Arkiv)

Ralph vann Gausdal Maraton – igjen

Hallingane køyrde godt under årets Gausdal Maraton. Tradisjonen tro vann Ralph Johannessen si klasse.

Ein dag, seks timer og seks minutt var han ute i løypa under premieren på Gausdal Maraton 300 (GM300). Ralph Johannessen har tradisjon med å vinne klassa si i Gausdal Maraton. I 2014 tok han sigeren på GM200 for andre året på rad. I år vann han den nyoppretta klassa GM300. Ei klasse der svært mange spann ikkje stilte til start, truleg på grunn av meldingane om kommande uvêr. Johannessen og to lokale hundekøyrarar til, lét seg ikkje skremme.

Heldt ut

Litt over klokka 05 sundag morgon kom Johannessen og hundane inn over målstreken. I ei klasse med 29 påmelde, stilte berre til slutt 17 til start. Ein braut av undervegs, men dei resterande 16 heldt ut til siste slutt og målstreken under sleden. Ralph Johannessen uttalte til sjekkpunktet.no at det var tungt på andreetappe over Valdresflya til Murudalen. Han måtte sveitte og jobbe litt.

Artikkelen held fram under annonsen.

Inn på ein 9. plass kom numedølen Ole Sigleif Johansen. Unge Erik Loftsgård debuterer i «vaksenklassene» og hamna på 15. plass. Hundekøyrar Petter Arnesen frå Skurdalen stilte ikkje til start i år på grunn av sjukdom.

150 km

Inger Cecilie Askildt bytta til GM150 begrensa klasse like før start og køyrer mora, Hilde Askildt, sine hundar. Dei kom inn til ein flott 1. plass. Hakk i hæl følgde ålingen Liv Bjørsvik som kom inn på ein fin 3. plass av 19 startande. Fire køyrarar braut undervegs.