Privatlag i skiskyting
I fjor prøvde dei seg med «Team Buskerud». I år er det «Team Hallingskarvet» som gjeld.
Privatlaget i Hallingdal er inne i sin andre sesong. Forsøket som vart gjort med Team Buskerud i fjor vart så vellykka og etterspurd at ein no vil satse for fullt. Åtte løparar i fjor er blitt til 12 i år. Geir Stensvold er ein av initiativtakarane til privatlaget som i år heiter Team Hallingskarvet.
– Me ønskte eit opplegg med endå meir fokus på trening og litt mindre på det sosiale. Etter vidaregåande skule finst det ikkje noko opplegg lokalt, seier Stensvold. Han er også skytetrenar for laget, saman med Thov Løvstuen.
Artikkelen held fram under annonsen.
Laget har løparar frå heile fylket. Jan Erik Buskerud er frå Skottselv. Tyngdepunktet er elles i Hallingdal og på Geilo. Dei fleste av dei er frå dalen eller har si utdanning frå Geilo. Det gjeld jentene Charlotte Olstad Fossli, Anne Marte Moen Løvstuen, Kristine Levorsen Rotegård og Karianne Grue Tufte. Og det gjeld Jørgen Bråthen Christensen, Eirik Dramdal Borge, Ådne Holestøl Hognerud, Øyvind Seim, Jonas Dokken, Eivind Stensvold og Pål Kristian Grue Tufte.
Noko av tanken var å engasjere trenarar som kunne gi løparane eit løft vidare. Tidlegare landslagstrenar Audun Svartdal har fått den jobben. Skiteknikk er hovudfokuset.
– Målet for sesongen er å ha løparar på topp 15 i norgescupen, seier Stensvold.
– Og idrettslaget har ikkje noko imot at de går dei i næringa?
– Geilo IL har vore positive heile vegen. Me tilbyr meir enn det dei kan. Dei må vere breiare enn me treng vere, seier skytetrenaren. Sonen Eivind gjorde det skarpt i sin klasse (menn 19-21) både laurdag og sundag. Det vart 1. plass både på sprint og fellesstart. Charlotte Olstad Fossli gjekk to bra løp. Stensvold meiner ein må sjå opp for Pål Kristian Grue Tufte framover.
Men det finst utfordringar for laget. Sjølv om fleire av løparane markerte seg positivt under cupstarten på Geilo i helga, har fleire på laget vore råka av langvarig sjukdom. Det har også vore utfordrande å få sponsorkabalen til å gå opp.
– Det er ikkje gratis dette, seier Geir Stensvold.