Pål Golberg står på lista over langrennsløparane som skal gjere verdsrekordforsøk på Bislett torsdag. (Arkivfoto)
Pål Golberg står på lista over langrennsløparane som skal gjere verdsrekordforsøk på Bislett torsdag. (Arkivfoto)

Pål Golberg på Bislett

Torsdag kveld skal langrennseliten prøve å setje verdsrekord på ski på Bislett stadion i Oslo.

Fleire av dei beste skiløparane i verda er meldt til start, og dei skal konkurrere på både 100- og 500m, på ein for høve snølagt friidrettsarena. Pål Golberg står på lista over løparane som skal delta på rekordforsøket. Han er sett opp i same heat som Teodor Peterson og Anders Gløersen, og møter i tillegg vinnaren av eit kvalifiseringsheat.

Konkurranseoppsettet ser slik ut:?100 meter menn:

Artikkelen held fram under annonsen.

Heat Kvalik: Timo Andre Bakken, Magnus Frodahl, Ragnar Bragvin-Andresen, Niklas Dyrhaug.

Heat 1: Petter Northug, Tarjei Bø, Jöri Kindschi, Andy Newell.

Heat 2: Emil Jönsson, Ola Vigen Hattestad, Sondre Turvoll Fossli, 2. plass i kvalikheatet.

Heat 3:, Marcus Hellner, Eirik Brandsdal, Robin Bryntesson, Øystein Pettersen.

Heat 4: Teodor Peterson, Anders Gløersen, Pål Golberg, Vinnar av kvalikheatet.