Pål Golberg gjekk solide løp på 15 km klassisk og fristilsprint under sesongopninga på Beitostølen. (Arkivfoto)
Pål Golberg gjekk solide løp på 15 km klassisk og fristilsprint under sesongopninga på Beitostølen. (Arkivfoto)

Pål Golberg: – Helga blir heilt avgjerande

Han trivst i outsiderrolla. Pål Golberg håpar sesongstarten skal gi han verdscupbillett til renna på Lillehammer.

Langrenn: – Det er helt greitt å slå frå undersida, eg trivst fint med det, seier Golberg.

Opningsrenna på Beitostølen i helga var generalprøva for langrennseliten i Norge. For Pål Golberg og dei andre utanfor landslaget var det ein sjanse til å vise seg fram.

Artikkelen held fram under annonsen.

– Det gjekk stort sett som forventa. Eg var ikkje heilt på topp fredag, men det var greitt ut frå føresetnadene, sidan eg ikkje gjekk på blanke ski. Eg skulle gjerne ha vunne sprinten, men det var greitt slik det vart. Han var for kjapp, seier Golberg om sprintvinnar Johannes Høsflot Klæbo.

Spennande

Før uttaket til verdscupstarten i Kuusamo kom måndag føremiddag var det alt klart at landslagsløparane ville bli prioritert.

Slik sett var det ikkje overraskande at Golberg ikkje var av dei som får tur til Finland. I staden blir han heime i Norge og ladar opp til Norgescupstarten på Gålå til helga.

– Det blir den viktigaste helga utanom Beitostølen, meiner Golberg

Etter norgescupstarten blir uttaket til minitouren på Lillehammer klart. Golberg trur det blir tøft.

– Eg trur det er 14–15 plassar i troppen. Eg reknar med at dei som er i best form til å gå ein minitour, får gå. Forhåpentlegvis tek dei ikkje ut heile sprintlaget, men nokre derfrå og nokre frå allround. Då er det att fire-fem plassar å konkurrere om, spår Golberg.

I rute

Han trivst med å vere i gang med sesongen, trass i at han ikkje er ein del av landslaget denne vinteren.

– Det er ein litt ny situasjon, men eg let meg ikkje stresse av den grunn. Eg har planlagt desse renna lenge som eit ledd i oppkøyringa, og ikkje lada spesielt opp til Beitostølen.

Artikkelen held fram under annonsen.

Likevel er han optimist etter sesongstarten.

– Eg meiner eg bør vere av dei som får gå på Lillehammer. Eg ligg godt an etter renna i helga og dei to distansane på Gålå passar meg bra. Går det bra der bør det halde, meiner han.

Om han lukkast med måla til helga, ventar internasjonal konkurranse for 26-åringen.

– Går eg enno litt betre på Gålå, så kjem det to viktige helger etter det, med verdscup og skandinavisk cup. Eg håpar å vere med på begge delar.