På veg mot formen
Vetle Sjåstad Christiansen (22) er på veg tilbake etter sjukdomstrøbbelet i fjor.
Skiskyting: Geilingen gjekk få konkurransar før jul, men på nyåret har han gjort comeback i det internasjonale sirkuset.
Sist helg tok han to 17.-plassar i IBU-cupen. Torsdag vart han igjen beste norske i IBU-cupen då skiskyttarane gjekk sprint i Ridnaun.
Artikkelen held fram under annonsen.
Geilingen opna med fullt hus på liggjande, før han måtte ut i strafferunden etter ein bom på ståande skyting. Farten i sporet var likevel høg. Han gjekk ut frå siste skyting som åttandemann, 45 sekund bak leiaren. På sisterunden tok han ti sekund på teten og klatra fire plassar på den endelege lista. Der vart han nummer fire, beste norske og beste ikkje-russiske løpar. Pallen vart nemleg heilrussisk, med Babikov føre Slepov og Eliseev. Christiansen var til slutt dryge halvminuttet bak vinnaren, men hadde også dagens beste langrennstid, 1,2 sekund føre russiske Slepov.
Aleksander Os vart nest best av dei norske på ein tiandeplass, med to strafferundar.
Geilingen har sikra seg eit godt utgangspunkt for jaktstarten som går laurdag. IBU-cuphelga blir avslutta med mixstafettar sundag.