På pallen i Breckenridge
Øystein Bråten imponerte under vanskelege forhold i Dew Tour-finalen.
Sundag kveld norsk tid køyrde dei beste skikøyrarane i verda finale i Dew Tour.
Konkurransen gjekk i amerikanske Breckenridge, og Øystein Bråten var einaste norske på start.
Artikkelen held fram under annonsen.
Spennande
Torpingen imponerte med å vinne kvalifiseringa torsdag, og var ein av favorittane før finalen. I det fyrste runnet vart han lønna med 81 poeng, og låg på tredjeplass før den andre omgangen.
Då han sette utfor i andrerunnet hadde han vorte sendt ned på fjerdeplass.
Solid
Som siste køyrar måtte han gi alt i håpet om å avansere tilbake på pallen. Og torpingen leverte.
Med 86 poeng sikra han andreplassen og splitta amerikanarane Gus Kenworthy og Nick Goepper.
- Han tek opp arven etter landsmannen Andreas Håtveit, konkluderte dei amerikanske kommentatorane etter pallplassen.