Overraska med signert EM-ball
Då Island tapte 5–2 mot Frankrike sundag, var det ikkje noko nederlag i stugu på Geilo.
– For oss er det ein siger berre det å ha kome så langt, seier Tórunn Matthíasdóttir. Omtrent 15 islendingar var samla i huset hennar for å sjå Island – Frankrike sundag kveld. Det gjekk ikkje heilt som håpa, men det var likevel ingen teikn til dårleg stemning sjølv om resultatet enda 5–2 til franskmennene.
– Eg er glad me klarte å få inn to mål, det gjer meg stolt, seier Birkir Bragason.
Artikkelen held fram under annonsen.
For sjølv med nederlag var det heiing, engasjement og jubel då Island scora.
Våre gutar
– Me spelar bra, det er berre det at Frankrike spelar litt betre, smiler Tórunn. Ho er engasjert og glad og seier ho er like glad i kveld som ho var i går.
– Våre gutar begynner å bli slitne, dei er ikkje vant til dette her. Nokon av spelarane har måtta utsett sommarferien, verken dei eller me hadde rekna med at me kom til å nå så langt, fortel ho stolt.
– Du pratar som om du kjenner dei godt?
– Alle på Island er som gode venner.
Trøystepremie
Det såg ikkje heilt ut til å gå Island sin veg sundag, men i pausen kom Björn Vikingsson og Tórunn fram med ei overrasking i form av ein fotball.
– Me har prøvd lenge å få autografane til spelarane på landslaget til Elmar Birkirsson. No når me var i Frankrike klarte me det, smilte Björn. For Island er lite, og islendingane er få – og fleire av Björns gamle venner frå Island er han framleis vennar med på Facebook. Ei av dei er mor til kaptein Aron Gunnarsson.
– Ho la ut eit bilete av utsikta frå hotellet på Facebook, me var forbløffa over kor lik den var vår og tenkte kanskje dei var i nærleiken, smilte Björn. Han og Tórunn bestemte seg for å gå og sjå, og då dei runda hjørnet kunne dei høyre ei velkjent stemme.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Det var så moro å møte dei igjen, me har ikkje sett kvarandre på veldig lenge, smilte Tórunn. Mora fekk overlevert ballen til sonen og kaptein Aron, og då Björn og Tórunn fekk han tilbake var han dekt av autografar.
Gjestene i stugu lyste opp, og Elmar hoppa opp og gav dei ein stor klem.
– Så då er det ikkje noko nederlag i kveld likevel, då? spør eg.
– Nei, i kveld er me alle vinnarar, smiler heile gjengen.