Ny rekord for Goldagsløpet
Over 300 førarar er klare for det som ligg an til å bli årets største, norske billøp.
Bilcross: 15–17. juli er det klart for det 27. Goldagsløpet i rekkja. Fleire enn nokon gong stiller til start på Fuglehaugen.
For fyrste gong i historia måtte dei stenge for fleire påmeldingar, opplyser Helen H. Rustberggard i NMK Gol.
Artikkelen held fram under annonsen.
Alle får køyre
Påmeldinga til årets utgåve av Goldagsløpet opna 1. juli. Alt 4. juli måtte dei stenge linene. Mens arrangøren fekk tenkt seg om måtte rundt 30 løparar stå på venteliste, men no har NMK Gol bestemt seg for å ta utfordringa slik at alle får køyre.
– Dette blir Norges største billøp i år, jublar Rustberggard.
Det betyr travle dagar for klubben som denne veka måtte setje i gang med å utvide depotet for å få plass til alle. Både bilar og tilhengarar.
– Medlemmene stiller opp med gravemaskin, traktor, motorsag, kantklippar og positiv innstilling, rosar Rustberggard.
To store løp i fellesferien
NMK Gol er inne i ein hektisk sesong. Ikkje berre gjer dei klart for historias største Goldagsløp, men dei skal også halde juniorlandsfinalen i bilcross. Det skjer berre 12 dagar seinare, så begge dei store arrangementa går altså føre seg midt i fellesferien. Finalen er nok noko av årsaka til at heile 72 påmelde juniorar stiller i Goldagsløpet. Også det er ny rekord.
Helene H. Rustberggard oppmodar på det sterkaste folk om å nytte busstilbodet frå Gol sentrum under løpsdagane. Det seier seg sjølv at her blir det ikkje god plass til parkering.
I tillegg har den driftige klubben nyleg fått på plass eit nytt dommartårn.