Norsk duell i Osrblie
Kampen om EM-gullet på normaldistansen stod lenge mellom Vetle Sjåstad Christiansen og lagkameraten Johannes Thingnes Bø, men bak dei jakta ein russar på edelt metall.
Skiskyting: Vetle Sjåstad Christiansen stod med tre medaljar på tre distansar før juniorane gjekk normaldistanse under EM i Osrblie onsdag.
I dei slovakiske skogane jakta geilingen sin fjerde medalje, men gullet glapp på standplass og han måtte ta til takke med bronse. Saman med lagkamerat Johannes Thingnes Bø (Markane IL) og dei russiske medaljevinnarane frå tidlegare i meisterskapen var geilingen blant favorittane i Slovakia. Heile meisterskapen har det vore kaldt og litt trått føre, men alt på dei fyrste kilometrane markerte Vetle Sjåstad Christiansen og Johannes Thingnes Bø seg i teten.
Artikkelen held fram under annonsen.
Bom
På fyrste runden var Bø raskast av dei to, og Vetle passerte 5,8 sekund bak. Med fullt hus og betre skytetid tok han inn halvtanna sekund, men tapte litt ut på andre runde. På andre skyting vart det bom og tilleggsminutt på geilingen, som då vart bak eitt år yngre Bø frå Stryn, som lenge leia løpet.
Geilingen skaut fullt på tredje skyting og henta inn noko av forspranget då konkurrentane bomma. Dessverre vart ein bom til på siste skyting, og Vetle var sjanselaus i kampen mot Bø, som tidlegare har hatt styrken sin i langrennssporet. Bak dei kom likevel lynraske Alexandr Loginov (Russland) i knallform på eit seint startnummer.
Bronsegut
Russaren skaut berre ein bom på fire skytingar, og slo stryningen med 6,6 sekund.
Vetle Sjåstad Christiansen hadde eitt tilleggsminutt meir enn dei to andre på pallen og var i mål 1.48 bak russaren og 1.42 bak Bø. Det heldt likevel til bronse for geilingen, som tok sin fjerde medalje i junior-EM. Fredag tok han gull på sprinten, sundag vart det sølv på jaktstarten og måndag tok dei norske juniorane gull på mixed-stafetten.