Norges beste på telemark
Eirin Venås frå Hemsedal var best på Tryvann.
Telemark: I helga vart det kåra norgesmeistrar i telemark på Tryvann.
Eirin Venås frå Hemsedal går på idrettsline i Norheimsund og var ein av deltakarane som gjorde det bra i Wyllerløypa.
Artikkelen held fram under annonsen.
Gulljente
Sundag toppa ho ei god helg med gull i juniorklassen, frå 17–21 år.
Venås vart nummer seks totalt i den klassiske telemarksøvinga.
Pallen
Det vart fleire medaljar på hemsedalsjenta.
Fredag starta ho med sølv i junior i sprinttelemark. Ho vart berre slått av Sara Fiskaa Eide, som var 15 sekund føre Venås.
Laurdag vart det også sølv på Eirin Venås. Då stod paralleltelemark på programmet.