Vinterens løp er mange, og fleire hallingar stiller til start. (Arkivbilete)
Vinterens løp er mange, og fleire hallingar stiller til start. (Arkivbilete)

No startar hundeløpssesongen

Tallause treningstimar og førebuing er unnagjort. Grunnlaget er lagt for hundeløpa i 2016.

Alt 1. nyttårsdag startar den første sledehund-konkurransen. Så går det slag i slag utover vinteren. Hallingdal stiller med fleire hundekøyrarar i mange av dei forskjellige løpa og klassene. Me gir deg ein oversikt over ein del av dei største sledehundløpa.

Mush Synnfjell

1. januar går det 200 kilometer lange sledehundløpet Mush Synnfjell i Torpa for fjerde gong. 50 hundekøyrarar får vere med på høgfjellsløpet som har fellesstart ved Spåtind Sport Hotell. Her stiller, per 28. desember, Ralph Johannessen og Lars Sandaker Kvittingen til start for Hallingen Hundekøyrarlag. Steinar Bergheim frå Valdres Trekkundklubb stiller også. Ralph Johannessen vart beste halling i fjor med ein 5.-plass.

Artikkelen held fram under annonsen.

Alta 2-dagars

Under Alta 2-dagars som startar 8. januar er utflytt geiling Leif Herleiksplass frå Vesterelva & Vidda Husky påmeldt i 12 spann, 260 kilometer. Han bur no i Varangerbotn og driv oppdrett av siberian huskyar for langdistanse sledehund-konkurransar.

Gausdal Maraton

8. januar går starten for Gausdal Maraton (GM). I 300 kilometer open klasse er Ralph Johannessen frå Dagali og Alf-Einar Hernes frå Eidfjord påmeldt og køyrer for Hallingen Hundekøyrarlag. Også Ole Sigleif Johansen frå Rødberg skal køyre denne klassa. Frå Valdres stiller Steinar Bergheim og Marit B. Kasin.

I 200 kilometer open klasse køyrer Hans Nordnæs frå Hovet for Hallingen Hundekøyrarlag. I 150-kilometersklassa stiller Erle Amalie Fuglesteg frå Vaset.

I 2015 vann Ralph Johannessen 300 kilometeren, Ole Sigleif Johansen frå Rødberg fekk ein 9.-plass og Erik Loftsgård frå Tunhovd på ein 15.-plass.

Vikerfjelløpet

15. januar går Vikerfjelløpet av stabelen på Vikerfjell i Ringerike kommune. Per 28. desember var det ikkje lagt ut nokon liste over påmelde køyrarar, fristen for påmelding er 10. januar. I fjor kom Ole Christian Haga frå Tunhovd på ein 4.-plass i 130 kilometer open klasse. Marit Beate Kasin frå Valdres Trekkhundklubb kom på 2.-plass. I 65 kilometer open klasse kom Siri Goberg frå Hol på ein 2.-plass.

Hallingløpet

22. januar går det lokale Hallingløpet av stabelen frå Ranten. I slutten av desember var det påmeldt 83 køyrarar. I 164 kilometer open klasse er så langt Hans Nordnæs frå Hovet, Tore Hunskår frå Gol og Lars Sandaker Kvittingen frå Ustaoset påmeldt.

I 164 kilometer avgrensa klasse er så langt Håvard Botten frå Gol, Erik Loftsgård frå Øygardsgrend i Nore- og Uvdal, Jostein Børve Hernes og Anette Børve Hernes frå Eidfjord (båe køyrer for Hallingen Hundekøyrarlag) påmelde. Valdrisane Toril Hagen Fuglesteg og Jo Inge Fuglesteg, samt Marit Beate Kasin stiller også i denne klassa.

Artikkelen held fram under annonsen.

I 82 kilometer open klasse stiller Silje Botten Bergom frå Gol.

I 2015 kom hundespannet til Ralph Johannessen, med Frode Wang bak «roret», inn til ein 2.-plass i open klasse. Vinnaren av open klasse 84 km vart i fjor Siri Goberg frå Geilo, andreplassen tok Ole Christian Haga frå Tunhovd.

Femundløpet

I fjor vart Femundløpet avlyst undervegs i løpet på grunn av dårleg vêr. I år går starten 5. februar for Femundløpet 2016 i Røros. Nærmare 170 køyrarar er påmeldt. Løpet er også EM i langdistanse. I den lengste distansen, 600 kilometer, er Ralph Johannessen (Dagali) einaste lokale køyrar førebels. Steinar Bergheim og Jo Inge Fuglesteg frå Valdres stiller i denne klassa.

I Femunden 400 stiller Anette Børve Hernes og Jostein Børve Hernes (båe frå Eidfjord) for Hallingen Hundekøyrarlag. Det same gjer Steinar Kvittingen (Ustaoset), Sigurd Froestad (Øystese) og Hans Nordnæs (Ål). Kenneth Monsen frå Valdres køyrer og Femunden 400 kilometer.

Hakasleppet

20. februar går starten på Hakasleppet. Ei 25 mil løype frå Åstjern på Hadeland. Her er det førebels ikkje kome deltakarliste. Løpet er godkjent som kvalifisering til Femundløpet neste år.

Finnmarksløpet

5. mars startar Finnmarksløpet, Europas lengste og verdas nordlegaste sledehundløp. Nærare 150 deltakarar er meldt på til no. Eit av løpa går over 500 kilometer (F500). Her stiller køyrarane med inntil åtte hundar per spann. Det andre er 1000 kilometer langt (F1000). Her stiller køyrarane med inntil 14 hundar. Løpet er også NM i langdistanse.

Utflytt geiling, Leif Herleiksplass, er påmeldt i F1000. Det same er Inger-Marie Haaland som tidlegare køyrde for Hallingen Hundekøyrarlag.

Ålingen Liv Bjørsvik frå Leveld i Ål er påmeldt F500. Det same er Anette Børve Hernes og Jostein Børve Hernes frå Eidfjord. Dei køyrer alle tre for Hallingen Hundekøyrarlag. Erik Loftsgård frå Øygardsgrend i Nore- og Uvdal, samt Ole Sigleif Johansen frå Rødberg er også påmeldt F500. Det same er Erle Amalie Fuglesteg og

Artikkelen held fram under annonsen.

Toril Hagen Fuglesteg frå Vaset i Valdres.

I 2015 tok Ralph Johannessen VM-sølv i F1000. Hilde Askildt tok 2.-plass på F500. Anette Børve Hernes (Eidsfjord) tok 1.-plass pi Finnmarksløpet Junior. Eit løp som elles var dominert av jenter. Alle dei ni deltakarane var jenter.

Norway Trail

40 deltakarar stiller i Norway Trail som startar 7. mars. Ole Sigleif Johansen og Eline Lihagen, med Team Tempo frå Rødberg stiller til start. Det same gjer Hans Nordnæs frå Ål og Ole S Færevåg frå Bergen. Tore Hunskår og Per Øyvind Teige frå Gol stiller også til start.

Andre hundeløp i vinter, er Bergebyløpet i februar, Seppala i mars og Pasvik Trail i april. Verdt å nemne er sjølvsagt også sprintløpa Hamar Hundekjørerfestival og NM og VM i sprint og mellomdistanse.

Og for ikkje å gløyme Iditarod, verdas lengste og tøffaste hundeløp, som startar 5. mars. Her skal Ralph Johannessen delta, i lag med åtte andre nordmenn.

* Mush Synnfjell 1. januar

* Trøndercup 2. januar

* Alta 2-dagars 8. januar

* Gausdal Maraton 8. januar

* Hamar hundekjørerfestival 9. januar

* Vikerfjelløpet 15. januar

* Nittedalsløpet 16. januar

* Hallingløpet 22. januar, Hallingen

* NM del 1, nordisk, Drammen 30. januar

* Bergbyløpet 1. februar

* Femundløpet, EM langdistanse 5. februar

* NM del 2, Kongepokal fleirspann, Gran, 6. februar

* NM sprint og mellomdistanse, Hamar 13. februar

* Seppalaløpet 13. februar

* Rørosløpet 13. februar

* Hakasleppet 20. februar

* EM, Tynset 3. mars

* NM del 2, stafettar, Trysil 2. april

* Finnmarksløpet, NM langdistanse 5. mars

* Norway Trail 7. mars

* Pasvik Trail 31. Mars

* Iditarod. 5. mars startar verdas lengste sledehundløp, The Iditarod Trail Sled Dog Race. Ralph Johannessen frå Dagali og åtte andre nordmenn er påmeldt, mellom andre Lars Monsen, Sigrid Ekran og dobbel Iditarod-vinnar Robert Sørlie.