Elias Trillhus Kjæmperud frå Geilo går på Wang Toppidrett og satsar på freeski.

No skal Elias (16) ut i Europa: – Håpar å nå så langt som mogleg

Elias Trillhus Kjæmperud drøymer om å nå like langt som trenarane sine på Geilo. Fyrste stopp er Europa og World Rookie Tour.

Freeski: 16-åringen frå Geilo går freeski-linja på Wang Toppidrett i Lørenskog. Det siste halvåret har han fått smaken på toppidrett og draumen om å nå like langt som trenarane han har hatt i oppveksten på Geilo.

Les også
Leo (16) slo knockout på alle med spektakulære stup: No er han verdsmeister i dødsing

– Eg har vore på treningar med Andreas Håtveit sidan eg var ganske liten. Og med Mikkel BK (Brusletto Kaupang, red. merk), fortel Kjæmperud.

Artikkelen held fram under annonsen.

Dei to er på lista hans over førebilete, i lag med OL-vinnarane Øystein Bråten og Birk Ruud. Medan det begynner å bli nokre år sidan Håtveit var proffkøyrar, har Kaupang køyrd verdscup dei siste åra. Han veit kvar lista ligg for å hevde seg internasjonalt.

– Eg håpar å bli så god som mogleg, seier Elias Trillhus Kjæmperud.

– Det er veldig bra. Miljøet på Geilo har betydd veldig mykje for meg, og dei andre som har satsa, meiner Kjæmperud. På Wang går også klubbkamerat Leo Landrø frå Gol, som også har bakgrunn frå skitreningane på Geilo.

Sjølv var Kjæmperud klar for Europacup på nyåret. Eigentleg skulle han pakka bagen like over nyttår og reist til Les Arcs i Frankrike.

Les også
Ein laidback gledespreiar

– I romjula fekk eg beskjed om at konkurransen var avlyst grunna snømangel. Det var skikkeleg kjipt. Eg hadde gleda meg til å køyre, seier han.

Til talentmønstring

Ut i Europa for å konkurrere blir det likevel. Andre veka i januar skal han delta i World Rookie Tour, som er rekna som ei stormønstring for ski- og brettalent, og eit springbrett til deltaking i dei største seniorkonkurransane.

– Eg gler meg, seier han.

– Eg vil køyre så mykje ski som eg kan. Det er det eg blir betre av, meiner Elias Trillhus Kjæmperud.

Kjæmperud har køyrd norgescup frå han var 14, og har hatt finaleplassar som mål. Nivået har vore høgt også i dei nasjonale konkurransane, og det er mange som hevde seg. Gjennom toppidrettsgymnaset har han teke store steg.

– Eg har hatt mykje nytte av treningssamlingane me har vore på, og lært meg nye ting. Om eg ikkje har vunne så mykje før, så håpar eg dette er sesongen der eg skal hevde meg, seier han.

Artikkelen held fram under annonsen.

Viktig å leike

Som førebileta sine er Kjæmperud oppteken av å leike seg på ski. Skigleda er det aller viktigaste. Det var også difor han i si tid gjekk frå alpint til freeski.

– Øystein Bråten, Birk Ruud og Mikkel BK er førebileta mine, seier Elias Trillhus Kjæmperud.

– Eg var på alpintrening og såg på dei som køyrde freeski. Det såg ut som dei hadde det så kjekt. Det stemte. Sidan då har eg køyrd freeski. Det er meir leik og meir fridom, ikkje nokon som har bestemt kvar og når eg skal svinge, meiner han.

16-åringen meiner fridomen og miljøet er det beste med sporten.

– Alle gler seg på kvarandre sine vegner når nokon får til noko, også i konkurransar.

– I romjula har eg vore på ski kvar dag, og me har vore mange som har køyrd saman, på tvers av alder. Det er veldig kjekt, seier Elias Trillhus Kjæmperud i heimebanebakken på Geilo.

Målet er å ta steg for steg i ein sport som utviklar seg stadig fortare, og der mange blir store stjerner i ung alder. Han vil bruke periodane mellom konkurransar til å lære seg nye og større triks. Og kanskje ein dag stå på pallen i ein av dei store konkurransane.

– Målet er å bli så god som eg kan. Kanskje må eg jobbe hardare når sporten utviklar seg så fort. Men det vil eg. Medaljar i meisterskap hadde vore gøy, men eg skal ikkje gløyme å leike og ha det kjekt på ski.

Les også
Vanskar i fjellet att - her er status på vegane
Les også
– Dei fekk kvar sin dag i jula. Me fekk Anne Marthe julaftan, og mista Stine nyttårsaftan
Les også
Først straumkrise, så gebyrsmell i millionklassa: – Me synest auken er formidabel