NM-gull til Kleivdal: - Kjempemoro!
Stian Kleivdal hadde ein kanondag i NM, og klatra heilt til gullplass i big air.
– Det var kjempemoro å køyre. Eg var litt sliten i dag tidleg, men det kom seg fort då sola var framme og det vart slush. Alle har hatt det dritfett i dag, seier Stian.
Til slut kunne han klatre aller øvst på pallen, blant anna etter å ha landa ein stor switch backside trippelcork 1440.
Artikkelen held fram under annonsen.
NM-gullet vart glasuren på kaka for ein veldig god sesong for Kleivdal.
- Sesongen har vore veldig bra. Eg fekk min første pallplas i verdenscupen, som eg var sjukt nøgd med. Eg fekk også billett til X Games i Hafjell i august, og eg har fått køyrt masse snowboard - det er det viktigaste, seier Kleivdal.
Geilingen vann big air-gullet framfor Bendik Gjerdalen og Fridtjof Sæther Tischendorf.
Geilo fekk fleire plasseringar på NM-pallen i dag. Tina Steffensen vann big air-konkurransen for kvinner, Hanne Eilertsen tok andreplassen. På tredje kom Geilo-jenta Stine Espeli Olsen.
Ho vann også klassa for junior jenter. For dei yngre juniorgutta vart Sander Mørk Danielsen nummer tre, Kamilla Espeli Olsen vann klassa for yngre junior jenter.