Sigbjørn Eide frå Gol kom på 48. plass i junior-EM i bowling. – Eg hadde ein bra start, men nådde ikkje målet mitt, seier han. (Arkivfoto)
Sigbjørn Eide frå Gol kom på 48. plass i junior-EM i bowling. – Eg hadde ein bra start, men nådde ikkje målet mitt, seier han. (Arkivfoto)

Nådde ikkje målet om masterfinale

Bowlingspelar Sigbjørn Eide frå Gol er skuffa over eigne resultat i junior-EM i Danmark.

Målsetjinga var å vere blant dei 24 beste som fekk spele masterfinale i slutten av veka. Det greidde han ikkje. ?På samanlagtlista kom Eide på ein 48. plass.

God start

Turneringa opna likevel brukbart for golingen. Måndag i påskeveka var det innleiande runde i double for gutane.

Artikkelen held fram under annonsen.

Sigbjørn Eide spelte for Norge 1, i lag med Patrick Gimmestad Emblem, og dei to debutantane tok til saman 2323 poeng.?Øvinga bestod av seks seriar, og duoen enda på ein 15. plass av totalt 48 lag.

Mista grepet

På den individuelle lista låg golingen som nummer 15 etter doublespelet. Då var han godt innanfor dei 24 som får spele masterfinale.

Men i lagspel var ikkje prestasjonane like framgangsrike for Eide.

Han greidde heller ikkje å ta seg inn att i singelspelet. Etter seks seriar hadde han poengsummen 1136. Det heldt til ein 52. plass i singel.

– Det var heilt klart double som gjekk best for min del, seier han.

Lite nervøs

Eide er ikkje spesielt nøgd med eigne prestasjonar.

– Eg veit eigentleg ikkje kva som gjekk gale. Eg synest at eg takla stresset bra og var overraskande lite nervøs, seier han.

Gull og sølv

Det norske landslaget fekk likevel god utteljing i EM.

Artikkelen held fram under annonsen.

Øyvind Kulseng frå Larvik tok gull i singel, og fekk sølv samanlagt. Saman med makker Mathias Reinertsen tok han også sølv i doublefinalen.