Naboduell i Gaurhovdrittet
Sparebank 1-cupen vart avslutta med spurtoppgjer mellom Hallingdal og Valdres på Torpoåsen.
Sykkel: Den sjuande og siste runden i Sparebank 1-cupen gjekk på Torpoåsen sundag.
Gaurhovdrittet har vore ein seinsommartradisjon i mange år, og også i år vart det duellar mellom lokale og utanbygds utøvarar.
Artikkelen held fram under annonsen.
Brørne Tormod og Olav Ulven frå Valdres utfordra Filip Fjeld Andersen, som har vore solid i terrengcupen i år. Trioen køyrde i lag i store delar av rittet, og då det nærma seg målgang kom dei tre i lag mot mål.
I spurten var valdresbrørne sterkast. Yngstemann Tormod spurtslo storebror, med Filip Fjeld Andersen på hjul. Dei tre vart klokka inn på same tid, men vart likevel nummer ein, to og tre på tidelar. Dei stilte i kvar sin årsklasse, og tok i tillegg til pallplassar totalt, også kvar sin klassesiger.
Tett
I 17–19 var storebror Aleksander nærast å slå Filip Fjeld Andersen, men i mål skilde det nesten halvtanna minutt mellom brørne frå Geilo.
Aleksander Fjeld Andersen hadde følgje av Eivind Botten (Andebarkji) som var 1 minutt og 24 sekund bak vinnaren i mål, og sikra andreplass i (25-29). Der vart Nils Gunnar Arnegard nummer tre.
Halvor Jørstad var best i 35-39, og Stian Majormoen vann 40–44. Frank Johny Brenno hadde bestetid i 45-49, medan Tore Bjerkrheim og Kjell Vidar Bidne var raskast i 50–54 og 55–59.
Vann
På damesida var det færre deltakarar.
Andebarkji-trioen Marthe Haukås Flage, Trude Røe og Ingebjørg Narum deltok i kvar sin årsklasse (25-29, 35–39 og 45-49). Ingebjørg Narum hadde bestetid av desse, med 1,02,33 tok ho sitt tredje napp i vandrepremien.
Narum vann Gaurhovdrittet også i 2014 og 2015, og var i lag med Liv Birgit Jorde og Nina Gässler, den einaste med to napp i vandrepremien frå før. I herreklassen har det vore sju ulike vinnarar dei siste åra, og vandrepremien har gått sidan 1996.
Artikkelen held fram under annonsen.
Mange
Av dei yngre deltakarane vart det også mange jamne duellar.
I 15-16-årsklassen vart det ein rein naboduell mellom klubbvenninnene Mari Torsteinsrud og Vilde Kverndal Veslegard (Andebarkji), der sistnemnde trekte det lengste strået.
Yonis Ibsen Børnick (Geilo) vann g13-14 framfor Tobias Slaatto (Geilo) og Even Noreng (Andebarkji). Rasmus Schiellerup hadde ei god tid som einaste deltakar i 15/16-årsklassen, og Anna Espeli (Geilo) vann j13-14 føre Heidi Strendo Leikvold (Andebarkji)