Mjølkesyra reiste med sølvet
Hege Bøkko tok tredjeplassen i allround-NM. Ida Njåtun vant suverent.
Skøyter: Hege Bøkko må gjere plass i premieskåpet til ein bronsemedalje frå allround-NM i Arendal.
God 500 meter
Bøkko posisjonerte seg godt i medaljestriden då ho vant 500 meter og sette ny banerekord i Arendal med tida 40.34 på den fyrste distansen i meisterskapet.
Artikkelen held fram under annonsen.
– Dette er den beste opninga min så langt i år, sa ei nøgd Hege Bøkko tilAgderposten etter fyrste løp. Ho rekna med at Ida Njåtun ville bli sterk når samanlagdresultata skulle summerast opp. Det fekk ho rett i.
Andreplass etter fyrste dag
På 3000 meter var Njåtun suveren og slo tilbake med ny banerekord, 4.18,45. Bøkko tok fjerdeplassen med tida 4.30,12.
Etter laurdagens to distansar låg Bøkko likevel på andreplass samanlagt.
Fekk smake på mjølkesyra
Sundag heldt ho brukbart følgje på 1500 meter. Med andreplass og tida 2.08,79, knapt tre sekund bak Njåtun, låg Bøkko framleis på andreplass samanlagd.
Hege Bøkko er ikkje best på dei lange distansane. På 5000 meter måtte ho sjå seg slått av fem løparar. Med tida 8.27,24 tok ho ein sjetteplass og måtte gje frå seg sølvmedaljen til Frida van Megen frå Fana IL.
Tider og resultat
1. Ida Njåtun (Asker SK): 500m 40,92 (2), 3000m 4.18,45 (1), 1500m 2.06,18 (1), 5000m 8.02,79 (2). Poeng: 174,334.
2. Frida van Megen (Fana IL): 500m 43,19 (8), 3000m 4.20,19 (2), 1500m 2.10,91 (3), 5000m 8.00,10 (1). Poeng: 178,201.
3. Hege Bøkko (Hol IL): 500m 40,34 (1), 3000m 4.30,12 (4), 1500m 2.08,79 (2), 5000m 8.27,24 (6). Poeng: 179,014.